Kommentar
Avklar hovudsaka fyrst
Utan klåre liner frå alle raudgrøne vert samarbeid uråd.
Ekofisk-feltet i Nordsjøen.
Foto: Carina Johansen / NTB
Blokkene på Stortinget er meir enn frynsete i kantane. Dermed er det eit heilt anna arbeid for ei mindretalsregjering å halde hjelparane sine i ande med å utvikle reell politikk i lag. Det er ikkje lenger hjelp i å ynskje «god jul og godt nyttår» i statsbudsjettdebatten.
Den brokete situasjonen Ap står i overfor småpartia, kan berre avklarast gjennom klåre, for alle skjønlege liner om norsk næringsliv, velferdsstaten og utanrikspolitikken. Spørsmåla er om småpartia toler og Ap ynskjer klårleik i hovudspørsmåla, eller om dei heller vil utnytte den uforståelege oppflisinga i einskildsaker debatten lenge har vore prega av. Valkampen og valresultatet gjorde alt mykje verre i så måte. Heile talepunktretorikken har gjort at både veljarar og politikarar tykkjest å ha mista oversynet over ei heilskapstenking vi ventar at detaljane skal festast i.
Til dømes: Same kva ein gjer med formuesskatten, vil det ikkje løyse mange problem. Det var eit vellukka triks for dei rike som kjøpte seg ei slik valkampsak hjå visse høgresideparti.
Uventa var det likevel at heile den såkalla venstresida straks sette seg i flugepapiret og vart der verande, brummande om dei rike som tener over 800.000 (som er lønna til ein lektor med ansiennitet), tannhelse, SFO, klimatiltak, elektrifisiering og litt om olje.
Mangel på heilskap
Alle kystbuar veit at det å vere i same båt er stort ansvar; alle må vite kva dei skal gjere der dei er; er ein på feil stad og ikkje gjer jobben sin eller går i vegen eller vert hysterisk, kan det fort verte forlis. «Tuttifruttipartia» må no straks slutte med å strø fleire opphakka kandiserte valløfte og uttørka tankefrukter ikring seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.