Holbergprisen
Vestleg globalist med historisk medvit
Årets holbergprisvinnar er ikkje lett å fange i ord. Gayatri Chakravorty Spivak har skrive om mykje og meint om endå meir, men kva ho meiner, endrar seg med tid og omstende.
Vinnaren av Holbergprisen er Gayatri Chakravorty Spivak.
Foto: Alice Attie / Handout / NTB
Det einaste påfallande med denne pristildelinga er kvifor ho ikkje har kome før. For den indiske 83-åringen har vore ei stjerne i den intellektuelle verda i fleire tiår. Produktiv, ofte omstridd, ei røyst som lenge har gjort seg sterkt gjeldande innafor fagfelt som litteraturteori, dekonstruksjon, omsetjing, postkoloniale studium, politisk filosofi, marxisme og feministisk teori.
Heilt heime kjenner ho seg ikkje nokon stad. Ho er omsett til over tjue språk og er tildelt æresdoktorat, prisar og utmerkingar frå heile verda. Ved The University of Iowa etablerte ho for 40 år sidan USAs første, kanskje verdas første, omsetjarverkstad som gav ein universitetsgrad.
Men spør du kva for fagfelt som har vore viktigast for henne, svarar ho slik:
– Eg trur den viktigaste delen av arbeidet mitt har vore sjølvkritikk. Kva eg enn tenkjer, kan det vere feil. Mykje av det eg har skrive, er tidsbunde; etter kvart som eg utviklar meg vidare gjennom tenking og undervisning, har eg måtta korrigere det. Difor er det vanskeleg å setje meg på formel. Framleis står eg for det eg skreiv for fleire tiår sidan, men kanskje ikkje heilt slik det opphavleg blei formulert.
Kompakt og krevjande
Skrivestilen hennar er kompakt og svært krevjande, grensande til det obskure. Sjølv forsvarar ho seg med at enkel prosa forfalskar. Enkelt språk har tradisjonelt vore ein reiskap til å kontrollere og dominere folk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.