Litteratur

Verdslitteraturen ifølgje Donald

Når Alf Kjetil Walgermo no er ferdig med boka si om Litteratur i Andeby, kan det neste bli at Jon Fosse finn vegen inn i det rikt litterære Donald Duck-universet med ei «Andvake».

I tidlege Donald-historier prøver han å få nevøane sine til å lese bøker.
Publisert Sist oppdatert

Alle har lese eitt eller helst fleire Donald Duck-hefte, men få har lese dei så grundig som journalist og forfattar Alf Kjetil Walgermo (48). Han vaks opp med og lærte å lese av endene i Andeby, og han har ei komplett samling av hefta og bøkene i hyllene sine. Då seier det seg sjølv at det måtte bli bok av dette.

Eit intervju med Walgermo blir som ei vandring gjennom Andeby, der entusiasmen og begeistringa heile tida skin gjennom skildringa av stort og smått frå dette dyriske livet som så mange av oss har sett pris på. Og som forfattaren set så høgt at han meiner det toler samanlikning med det meste.

Alf Kjetil Walgermo er journalist og forfattar.

– Ein del av klassikarane frå Carl Barks og Don Rosa er på høgd med mykje av det fremste innan skjønnlitteraturen fordi det er så god forteljekunst. Originalt, morosamt og svært kreativt.

– Du kallar Donald «eit trollspegel for samfunnet»?

– Han prøver seg på veldig mange samfunnsområde og viser oss kor gale det kan gå iblant. Men det er nett det som gjer Donald så lett å like; han er jo langt ifrå perfekt. Han er ei and, men i høgste grad menneskeleg. Ofte har han store ambisjonar og gode forsett, men så er det eit eller anna på vegen som gir han ekstra utfordringar. Ein del av dei kaotiske situasjonane han hamnar oppi, kan faktisk kome av boklesing. Han kan lese éi bok om eit emne og deretter kjenne seg som ekspert. Du kan ta lærdom av Donald slik han syner oss korleis ein ikkje skal gå fram.

– Kva har Donald eigentleg att for all lesinga si?

– Han får jo ei ekstrem livserfaring, kjem borti langt meir enn dei fleste av oss. Frå han oppstod i 1934, har han vore innom store delar av verdslitteraturen òg.

Andeby-universet har det ved seg at dei villaste ting kan skje, og utfallet er uføreseieleg.

Alf Kjetil Walgermo, forfattar

– Men det verkar ikkje som om alt dette har festa seg?

– Nei, Andeby-universet har det ved seg at dei villaste ting kan skje, og utfallet er uføreseieleg. Men så er det som om alt blir nullstilt til neste historie byrjar. Sjølv om han feilar, får Donald stadig nye sjansar. Kvar dag er ny i Andeby.

Parodi

Då Donald Duck & Co dukka opp på norsk i desember 1948, meinte mange at slike teikneseriar ville underminere leseinteressa hos born og unge. Walgermo hevdar at det motsette skjedde. Bladet blei raskt svært populært. På åttitalet kom kvart Donald-blad i ein kvart million eksemplar, og mange kan framleis fortelje kor viktig Donald var for dei som born. Dei lærte å lese ved hjelp av Donald, og bladet skapte leseglede og stimulerte fantasien hos lesarane.

– Fantasistimuleringa har tvillaust bidrege til å gjere meg til forfattar. Du får eit alternativt blikk på verdshistoria og litteraturhistoria – i ei heilt eiga tapping. Verdskjende klassikarar blir «duckifiserte» og får ofte eit humoristisk tilsnitt.

– I boka di syner du at svært mange Donald-historier tek utgangspunkt i klassisk litteratur. Gjeld det dei fleste?

– Dei er massivt til stades, for serieskaparane har nytta litteraturen som råstoff. Dette har vore ein del av Andeby-universet like sidan byrjinga, med forfattarar som Daniel Defoe, Jules Verne og Charles Dickens til Kafka og andre meir moderne.

– Var det gjeve frå byrjinga at Donald-hefta sin bruk av verdslitteraturen måtte bli parodisk?

– Det finst ulike tilnærmingar, også såkalla adaptasjonar som legg seg tett innpå originalane utan å parodiere så ellevilt. Som regel finn du alltid ein vri, forholdet er sjeldan 1:1. Nokre forteljingar formidlar kjernen i originalen på ein ganske god måte. Eit eksempel eg er særleg glad i, er scenen der Jean Valjean i De elendige stel sølvtøy hos biskopen, men der biskopen seier til politiet at desse har han gitt Valjean – og dessutan seier at han gløymde sølvlysestakane. Dette blir formidla heilt utan ironi og gjer scenen rørande.

– Kor fritt står Donald-forfattarane?

– Det kan verke som dei har stått veldig fritt. Men vi veit at dei som skriv nye historier, må gjennom eit godkjenningssystem. Kva som helst blir ikkje godteke.

– Ibsen og Holberg er så vidt innafor, men Jon Fosse har ikkje funne vegen inn i Andeby-verda enno. Ser du håp for han?

– Eg har faktisk plan om sjølv å lage ein Fosse-versjon, Andvake. Vi får sjå om det går gjennom sensuren.

– Du tek hardt i når du hevdar at Donald Duck har gjort meir for lesinga enn dei fleste andre fiksjonsfigurane frå verdslitteraturen?

– Eg tenkte eg måtte fleske litt til. Mange fleire har lese Donald enn til dømes Kristin Lavransdatter eller Mysterier. Eg seier ikkje at Donald er betre enn Hamsun, men han har betydd meir for totallesinga. Då Nasjonalbiblioteket i 2011 skulle kåre «nasjonens hukommelse», kom «Eggemysteriet» av Carl Barks på topp. Det betyr at Donald lenge har stått veldig sterkt i samfunnet.

Hakkespettboka

– Kva hadde Donald Duck & Co vore utan verdslitteraturen?

– Litt fattigare sidan så mange sterke og interessante historier har verdslitteraturen som førelegg. Universet ville likevel vore livskraftig, men det ville blitt meir kjedeleg i Andeby utan verdslitteraturen.

Kapitalisten Onkel Skrue kjem først inn i Andeby-universet i 1947, innført av Carl Barks og modellert etter Ebenezer Scrooge i Dickens’ juleforteljing. Sjølv om Donald er hovudpersonen, blir verdas rikaste and også ein sentral figur, forklarar Walgermo. Han skildrar elles den mangfaldige Donald som ein inkarnasjon av dei sju dødssyndene. Men samstundes som han er full av feil, er han også full av god vilje.

– Donald er ein samansett karakter med mange sider, og det gjer han spennande å lese om. Vi veit at han ofte vil kome i trøbbel, men han er lite føreseieleg og derfor interessant å følgje.

– Lærebøker står lågt i kurs i Andeby trass i at kunnskap er ettertrakta?

– Eit kjempeinteressant paradoks. Ole, Dole, Doffen hatar lekser, bøker og skulen. Det har vel å gjere med at dette skal vere litt frekt og underhaldande. Til liks med Donald les dei heller teikneseriar. Men den viktigaste læreboka deira er Hakkespettboka, som rommar all verdas visdom, har svaret på alt og kan løyse alle problem.

– I kva grad er livet i Andeby statisk, og innbyggjarane likeså?

– Ikkje statisk, men dei har ein utgangsposisjon for kvar nye historie med arketypar som den gjerrige Skrue, B-gjengen og så vidare. Personane har eit sett av eigenskapar i botnen, og så blir historiene utvikla ut frå det. Men kva som helst kan skje i løpet av historia.

– Til ein viss grad følgjer dei utviklinga i tida?

– Det gjer dei, til dømes ved at dei har iPad og slike ting, og Dolly kan vere bloggar. Internett og digitalisering er ikkje ukjende fenomen.

Dalande sal

– Andeby er ikkje heilt fri for religiøsitet?

– Ein skulle tru at Donald Duck og Bibelen var to totalt ulike univers, men det er ikkje heilt slik. Det finst fleire kyrkjer i Andeby, og bibelforteljingar i Donald-versjon. Noahs ark, Davids kamp mot Goliat, Samson og Dalila, dronninga av Saba og kong Salomo figurerer i forteljingane.

– Kva med den religiøse bodskapen?

– Han er mindre til stades. Indirekte har du dette med å få ein ny start, som ligg i det kristne nådeomgrepet. Ein del av julefeiringa i Andeby er nokså kristen. Somme religiøse drypp finst. Gud er òg skriven inn i dette universet, og Jesus er nemnd så vidt. Men religiøs truspraksis finn du lite av.

For Walgermo er det viktig at Donald & Co også har trengt seg inn i språket vårt. Ei side er den språkgleda som ligg i språkutviklinga i Donald, seier han. Til dømes måten norske namn blir endra på, noko som kan minne om blødmene hos Kjartan Fløgstad.

– Det kanskje aller mest markante Donald-uttrykket er «knask eller knep», som alle born i Noreg seier på halloween. Det var Henning og Espen Hagerup som bringa det inn i norsk språk i ei Donald-omsetjing. Å få ut Donald på samisk har også vore viktig for språkutviklinga. Språkforskarar har meint at Donald Duck på samisk er viktigare enn politiske saksdokument.

Salet av Donald-bladet har dei siste åra falle til langt under 20.000 eksemplar i veka. Det gir grunn til bekymring, men Walgermo trøystar seg førebels med at lesartalet ligg på om lag 200.000, og at lesinga er på veg oppover igjen.

– Kva misser vi om Andeby-folket skulle bli borte?

– Eit ekstremt fantasisterkt og stimulerande landskap. Donald-historiene rommar svært mykje av vår menneskelege eksistens, rører seg innom mange ulike delar av samfunnet. På eit vis hjelper dei oss å orientere oss i verda. Vi kan klare oss utan Donald, men det finst ikkje så mange andre univers som kombinerer den same læringa og lysta og lesegleda. Vi ville fått eit fattigare samfunn utan Donald Duck.