Samfunn

Håpar på oppgjer i bistandspolitikken

– Eg trur det er mange frustrerte fagfolk både i UD og i Norad som vil applaudere granskinga som kjem no, seier tidlegare Norad-fagdirektør Øyvind Eggen.

Det norske utanriksdepartementet skal granskast av eit uavhengig utval som følgje av Epstein-avsløringane.
Publisert

Korleis sikrar Utanriksdepartementet (UD) at mottakarar av norske bistandsmidlar er frie for bindingar til personar, nettverk eller institusjonar som kan undergrave menneskerettar, likestilling og rettsstat? Kan UD gjere greie for omfanget av pengeoverføringar frå staten til International Peace Institute (IPI) og World Economic Forum (WEF) og betalte verv eller stillingar til nordmenn som har bakgrunn som politikar eller diplomat i desse organisasjonane, og gjere greie for om liknande forhold gjeld mellom Noreg og andre internasjonale organisasjonar?

Dette er blant spørsmåla Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har sendt UD før det no skal setjast ned eit uavhengig granskingsutval som skal sjå på dei norske koplingane til Jeffrey Epstein.

Redaktør av Stat & Styring, Øyvind Eggen, har tidlegare forska på effektar av bistand, jobba som fagdirektør for evaluering i Norad, vore generalsekretær i Regnskogfondet og leidd Kunnskapsbanken i Norad.

– Kva fortel det som skjer no, om norsk bistandsforvalting?

– Det fortel at vi ikkje snakkar om eit enkelttilfelle knytt til enkeltpersonar og IPI, men om ei systemisk utfordring som involverer mange, og som har mykje meir ved seg enn den enkeltsaka som har leidd til gransking.

– Kva er den systemiske utfordringa?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement