Leiar

Fleirtalet som ikkje ville vera fleirtal

Drammen 20250709. Drammen sykehus på Brakerøya. Når det står klart til bruk i 2025 vil det ersatte dagens Drammen sykehus og Blakstad sykehus. Nytt sykehus i Drammen vil ha integrerte lokaler for somatikk, psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling.Foto: Lise Åserud / NTB
Drammen sjukehus på Brakerøya.
Publisert

Endeleg hadde eit fleirtal på Stortinget samla seg om ein ny finansieringsmodell for sjukehusa. Målet var å skilja mellom drift og investeringar og såleis sikra at store sjukehusinvesteringar vert fullfinansierte over statsbudsjettet. Fleirtalet var sett saman av Framstegspartiet, KrF, Senterpartiet, MDG, SV og Raudt.

Men så brått, rett før saka skulle opp til debatt og votering sist torsdag, snudde SV og Raudt. No gjekk dei saman med Arbeidarpartiet og Høgre. Dermed vedtok Stortinget nok ei ny utgreiing, der deling av drift og investeringar skal vera eitt av fleire alternativ. Kva vi endar med til slutt, er uvisst.

Store byggjeprosjekt har ein tendens til verta dyrare enn planlagt. Bygging av nye sjukehus går føre seg over mange år, med fare for renteauke, prisauke og store byggtekniske utfordringar. Det er nok av døme på overskridingar, som det nye sjukehuset i Drammen, som vert fleire milliardar dyrare enn planlagt.

I ein slik situasjon er det meiningslaust og uansvarleg om overskridingane skal dekkjast inn av sjukehusa og føretaka. Resultatet vert færre sengepostar, færre stillingar, nedprioritering av naudsynt vedlikehald og manglande oppdateringar av medisinsk utstyr.

Staten bør difor fullfinansiera store sjukehusinvesteringar og sjølv dekkja eventuelle overskridingar – slik at ikkje sjukehusa og pasientane vert direkte skadelidande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement