Litteratur

Verdslitteraturen ifølgje Donald

Når Alf Kjetil Walgermo no er ferdig med boka si om Litteratur i Andeby, kan det neste bli at Jon Fosse finn vegen inn i det rikt litterære Donald Duck-universet med ei «Andvake».

I tidlege Donald-historier prøver han å få nevøane sine til å lese bøker.
Publisert Sist oppdatert

Alle har lese eitt eller helst fleire Donald Duck-hefte, men få har lese dei så grundig som journalist og forfattar Alf Kjetil Walgermo (48). Han vaks opp med og lærte å lese av endene i Andeby, og han har ei komplett samling av hefta og bøkene i hyllene sine. Då seier det seg sjølv at det måtte bli bok av dette.

Eit intervju med Walgermo blir som ei vandring gjennom Andeby, der entusiasmen og begeistringa heile tida skin gjennom skildringa av stort og smått frå dette dyriske livet som så mange av oss har sett pris på. Og som forfattaren set så høgt at han meiner det toler samanlikning med det meste.

– Ein del av klassikarane frå Carl Barks og Don Rosa er på høgd med mykje av det fremste innan skjønnlitteraturen fordi det er så god forteljekunst. Originalt, morosamt og svært kreativt.

– Du kallar Donald «eit trollspegel for samfunnet»?

– Han prøver seg på veldig mange samfunnsområde og viser oss kor gale det kan gå iblant. Men det er nett det som gjer Donald så lett å like; han er jo langt ifrå perfekt. Han er ei and, men i høgste grad menneskeleg. Ofte har han store ambisjonar og gode forsett, men så er det eit eller anna på vegen som gir han ekstra utfordringar. Ein del av dei kaotiske situasjonane han hamnar oppi, kan faktisk kome av boklesing. Han kan lese éi bok om eit emne og deretter kjenne seg som ekspert. Du kan ta lærdom av Donald slik han syner oss korleis ein ikkje skal gå fram.

– Kva har Donald eigentleg att for all lesinga si?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement