Utopi og tragedie
Dei var gåverike, hadde brennande hjarte og ville skape eit friare og likare samfunn. Men tuberkulosen råka den revolusjonære Grepp-familien svært hardt.
Rachel og Kyrre Grepp som unge studentar.
Foto frå boka Røde hjerter.
Mor Rachel fekk følgje ektemann og fire born til grava. «Det gikk en forferdelig dødens linje gjennom familien Grepp», noterer Tormod Valaker, som har skrive familiekrønika Røde hjerter. Grepp – makt, kjærlighet og død.
Olav Kyrre Olsen (1879–1922), betre kjend som Kyrre Grepp, kom frå eit småborgarleg miljø, faren var telegrafkasserar. Rachel Catharina (Helland) Grepp (1879–1961) var skipsreiardotter. Men tidleg såg dei fattigdom, urettvise og sosialt elende, og begge blei tidleg politisk radikale. Då dei møtte kvarandre i gymnassamfunnet Hugin på Bergen Katedralskole, der dei snart blei kjærastar, hadde dei alt revolusjonære overtydingar, fortel Valaker.
«Vi må styrte den gamle samfunnsorden i grus og reise et nyt, sterkt samfund – et broderskapets rike!» skreiv Kyrre til Rachel. Og ho var samd.
– Kyrre Grepp og dottera Gerd har alt fått sine biografiar. Kvifor då denne familiekrønika?
– Fordi det finst så mykje stoff som enno ikkje er komme fram. Eg har lese 10.000 handskrivne brev til og frå familiemedlemene og andre, det er dette boka mi primært byggjer på. Det gjer at eg har komme heilt tett på familien.
– Du kallar Grepp-familien det første norske venstredynastiet. Kva legg du i det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.