Teater

Utfordring til statsministeren

Etter at «skandalestykket» Ways of Seeing har kome seg ut av den betente andedammen i hovudstaden, er det tid for ei oppsummering.

Ways of Seeing har vore vist både i Tromsø og Bergen etter premieren i Oslo i fjor haust. Denne veka går stykket på Det Norske Teatret.
Ways of Seeing har vore vist både i Tromsø og Bergen etter premieren i Oslo i fjor haust. Denne veka går stykket på Det Norske Teatret.
Publisert

Det knyter seg ikkje berre éin, men fleire skandalar til stykket Ways of Seeing. Men stykket sjølv er så langt frå å vere ein skandale.

For å ta skandalane i tur og orden:

1. At ålmenta, frå hovudstaden, gjekk bastant ut og meinte sterkt om noko dei korkje hadde sett eller hadde relevant kunnskap om. Den slags er langt frå eineståande i dette landet, dessverre. Her fekk dei rett nok ammunisjon frå ei lite imponerande melding i Aftenposten, men ho aleine gav slett ikkje grunnlag for dei urimelege reaksjonane.

2. At politiet, totalt ukritisk og heilt utan dokumentasjon (og utan å ha sett framsyninga, sjølvsagt), sikta tre av skaparane av verket og direktøren ved Black Box teater for brot på straffelova paragraf 267 om krenking av privatlivets fred. Då var dei fire rett nok eit par månader før blitt melde til politiet, som raskt kom til at her fanst ikkje grunnlag for å setje i verk etterforsking, og la saka til sides. Men etter kvart som saka fekk tydeleg politiske implikasjonar, med justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) i sentrum, fekk konstituert statsadvokat Andreas Strand kalde føter. Han gav ordre om at saka skulle opnast att, og politiet svara med å gå til retten og be om løyve til å ransake husa til dei fire sikta personane. Heldigvis går det svært lang tid mellom kvar gong ein opplever slikt her i landet, og domstolen såg det urimelege i dette.

3. At landets statsminister, Erna Solberg (H), gjekk offentleg ut og kritiserte stykket og dei som stod bak det: «Jeg tenker at de som har laget stykket må tenke over at de også bidrar til å sette et fokus på politikere og deres omgivelser og mennesker, som bidrar til at det er tøffere å være politiker.» Kva hadde ho sjølv tenkt over da ho ytra dette? Det er sjølvsagt unødvendig å nemne at statsministeren ikkje hadde sett stykket. Korleis kan ho, med den tyngda embetet gir henne, ytre seg på så syltynt grunnlag? Ved festspillopninga sa ho at «kunsten er og skal være fri». Men då var sjangeren festtale, som jo er noko heilt anna.

4. At Erna Solberg har nekta å sjå stykket. Då kritikken hagla i media mot dei som stod bak Ways of Seeing, sa ho (i det same intervjuet) at dei måtte «ha ryggrad til å stå i det». Det har dei sanneleg hatt. Men kva med statsministeren sjølv? Ho har ikkje våga å bli konfrontert med eit stykke som kanskje ikkje var slik ho trudde. Ikkje mykje ryggrad der. Til overmål har ho nekta plent å beklage utsegna si.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement