JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ut i den skeive verda

Å dra til sjøs for å tene pengar og sjå verda baud på sjansar og utfordringar for mange unge i 1950- og 60-åra. Ikkje minst om du var skeiv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1960-åra var ein gullalder for norsk sjøfart og gav mange unge menn høve til å dra ut i verda.

Foto: Leif Aagaard / Bergens Sjøfartsmuseum

9810
20220923

Bakgrunn

Nyleg kom tekstsamlinga Skeiv kulturhistorie. Kulturhistoriske perspektiver på sammekjønnsrelasjoner og kjønnsoverskridelser (Nasjonalbibilioteket) ut.

Blant tekstane er «Skeivhet til sjøs» av Gry Bang-Andersen og Bård Gram Økland, begge tilsette ved Bergens Sjøfartsmuseum.

28. oktober opnar utstillinga Skeive sjøfolk på Bergens Sjøfartsmuseum.

Historie

christiane@dagogtid.no

Kan du sjå han for deg? Førstereisguten på 15–16 år, som nett er ferdig med real- eller framhaldsskulen, som skal tene pengar og kanskje ber på ein draum om å sjå litt meir av verda enn heimbygda.

I dag vil ein ungdom med utferdstrong vere eldre og ha langt fleire alternativ enn i tiåra etter den andre verdskrigen. I desse åra var det einaste alternativet for svært mange å mønstre på eit skip, for å verte borte heimafrå i månader og år.

1960-åra vert kalla ein gullalder i norsk skipsfart, og utanriksfarten trekte til seg mange unge, som kunne vere innom nokre år før dei gjekk i land att, med nye erfaringar om livet om bord og frå eksotiske hamnebyar.

Livet om bord var mannsdominert, og sex mellom menn var forbode fram til 1972. Korleis var det då å mønstre på for ein som hadde ein annan kjønns- eller seksuell identitet enn fleirtalet? Korleis var det å vere skeiv til sjøs? Skal vi sjå for oss ei verd av innestengde kjensler eller eit skeivt frirom?

Nytt tema

Ei som har byrja å undersøkje spørsmåla nærmare, er Gry Bang-Andersen, som er kulturvitar og konservator ved Bergens Sjøfartsmuseum. Saman med kollegaen Bård Gram Økland har ho skrive om skeivskap til sjøs i den nye boka Skeiv lokalhistorie og medverka til utstillinga Skeive sjøfolk, som opnar på Bergens Sjøfartsmuseum i slutten av oktober.

Då sjøfartsmuseet starta eit sosialhistorisk dokumentasjonsprosjekt om «skipet som heim» i 2020, var det ingen i Noreg som hadde forska på skeive til sjøs. No kom temaet inn som eit sideprosjekt. I søkjelyset står den norske handelsflåten i perioden 1950–80, med hovudvekt på 60-åra.

– Tradisjonelt har dei norske sjøfartsmusea formidla økonomisk historie. Kva for skip har gått kor, kva var dei lasta med, og så bortetter. Vi ønskte å formidle meir sosialhistorie – og sjå menneska, seier Bang-Andersen.

Kjeldejakt

Å finne informasjon knytt til seksuell identitet er ikkje berre enkelt. Dei har korkje hatt gode søkjeord eller fysiske objekt i museumssamlingane til å hjelpe seg. Museumsforskarane baserer seg i stor grad på munnlege kjelder. Dei har sjølv intervjua sjøfolk om livet deira til sjøs og funne fram til og henta ut forteljingar som alt eksisterer i andre bøker og arkiv.

– Vi har intervjua folk som definerer seg som skeive, og som har vore til sjøs, men også spurt heterofile om saker knytte til det skeive, om aksept og om det som har vore vanskeleg. Det finst historier om ting som har vore vanskeleg på grunn av lovforbodet, men også om at sjøfarten gav moglegheiter, seier Bang-Andersen.

Ei lukka verd

– Kva skil skeiv identitet og seksualitet til sjøs frå skeiv identitet og seksualitet på land?

– Skipet er ein kontrast til livet på land, eit lukka samfunn. I 60-åra måtte sjøfolk ofte segle eitt år om gongen før dei fekk gratis heimreise. Kontakten med heimen var vanskeleg; det gjekk i brev. Skipet er ein konkret stad, men ein stad som flyttar på seg. Det er eit tett samfunn som er veldig hierarkisk. Alt må vere prega av harmoni for at arbeidet skal flyte godt. Det er lite plass for å vere annleis. Slik er det overordna blikket på skipet. Men så er det fint å kunne snakke med folk som har vore ute, og som seier at det var eit rom for å vere annleis.

Artikkelen «Skeivhet til sjøs» teiknar eit bilete av livet til sjøs i 60-åra som eit liv med lite privatliv, der ein ikkje snakkar om kjensler, og der skeive kjensler har vore tabu. Skeive kunne leve i fred, også fordi skeivskap ikkje var eit tema. Som ein av informantane seier: «Vi visste jo om det, men vi lot de være i fred.»

Bang-Andersen snakkar om «opne løyndommar» på skipa.

– Ved å unngå å seie noko høgt fanst det handlingsrom, seier ho.

Skeiv fristad

Bit for bit får vi vite meir om erfaringane skeive sjøfolk har gjort seg opp gjennom historia. Og bitane er fylte med kontrastar.

Medan skeiv identitet og seksualitet ser ut til å ha vore under lokk på norske handelsskip, har både Den norske Amerikalinje og den britiske cruisefarten vore skildra som ein fristad for skeive sjøfolk. Passasjerskipa skilde seg frå handelsskipa ved at fleire tilsette jobba med servering og kundeservice, og her etablerte det seg skeive miljø om bord.

Det vert også fortalt om sex mellom menn som ikkje vart identifiserte som skeive og heller ikkje identifiserte seg sjølve som skeive.

I boka Hello Sailor! The Hidden History of Gay Life at Sea (2003) fortel forfattarane om eit slags skeivt paradis (gay heaven) i den britiske cruisefarten.

Nye haldningar

Perioden 1950 til 1980 var ikkje berre prega av økonomisk vekst her i landet, men òg av at synet på folk vi i dag ofte omtalar som skeive, endra seg kraftig. At forbodet mot sex mellom menn vart oppheva i 1972, er nemnt. I 1977 fjerna dessutan Norsk psykiatrisk forening homoseksualitet frå lista over mentale forstyrringar, og i 1981 vart det lagt ned forbod mot grovt krenkjande ytringar med bakgrunn i homofil legning, leveform eller orientering.

Eg spør Bang-Andersen korleis denne utviklinga speglar seg i synet på skeive til sjøs.

– I prosjektet har vi til no intervjua 13 informantar. Dette er eit kvalitativt arbeid, som ein ikkje kan byggje statistikk på. Vi viser fram synet til informantane, men kan ikkje seie noko om heilskapen og har ikkje eit kronologisk materiale. Men i løpet av dei 30 åra vert det enklare å vere skeiv til sjøs. Sjøfolk skildrar hamnemøte og det å kunne gå på skeive pubar i byar som Antwerpen, Amsterdam og New York, der dei kunne sjå skeive leve på ein heilt annan måte enn heime i Noreg. Men dei kom også til land der homoseksualitet kunne straffast med døden. Desse kulturelle møta var viktige, seier ho.

Sjølv om det var lovforbod mot homoseksualitet i USA, fanst det altså skeive miljø i enkelte hamnebyar.

– Enkelte tok med tankar derfrå med heim og har vore aktive i å skipe organisasjonar her heime, fordi de såg at det var mogleg i utlandet.

Privatliv

– Ein del vil kanskje tenkje at kjønnsidentitet og seksualitet er private område av livet. Kvifor er dette tema som bør problematiserast på museum?

– Poenget er å seie noko om mangfaldet i den maritime næringa og til sjøs. Det finst eit stereotypt bilete av livet til sjøs som maskulint, heteronormativt og ein stad der alle skal vere like. Andre har jobba med å få fram kvinnehistorier til sjøs. Dette er eit bidrag til å vise at sjøfartshistoria er meir kompleks enn ho har vore presentert som til no.

Tagnad

Utstillinga på Bergens Sjøfarts­museum vil bestå av informantane sine eigne forteljingar, som i hovudsak vert fortalde i anonymisert form, som lyd, video, bilete og installasjonar.

– Det er historiene til enkeltpersonane som skal kome fram. Vi skal få fram det som var vanskeleg, men også at det låg moglegheiter under tagnaden, ikkje berre for dei som definerte seg som skeive, men også for menn som hadde sex med menn. I dag er det vanleg å setje eit namn på identiteten sin, men tagnaden gjorde at du ikkje trong definere deg på same måte.

Tettare på

I boka Skeiv lokalhistorie finn vi også tekstar om bygdesladder, parforhold og småbyhomofile i etterkrigstida, om skeive i norsk folkedikting og om å vere skeiv innvandrar og skeiv på bygda i Noreg på 2010-talet, for å nemne eit utval.

Eg spør ein av bokredaktørane, Dag Hundstad, som til dagleg er instituttleiar ved Høgskolen i Innlandet, kva denne boka tilfører oss.

– Eg tenkjer at ein lokalhistorisk vinkel får ein grå, abstrakt tematikk til å verte nær, personleg og romleg. Ein konkretiserer ein tematikk til å handle om menneske og miljø i lokalhistoria. Det gjer det lettare å relatere til historiene, seier han.

– Kva utfordringar støyter ein på når ein skriv om skeive i lokale miljø?

– I utgangspunktet har det ikkje vore snakka så mykje om dette. Det kan gjere det problematisk å finne fram til kjelder, og innimellom må ein jobbe med kjeldene for å få innsyn i det ein ønskjer å setje lys på. Det er nok lettare å snakke om skeiv identitet no enn for nokre år sidan, men framleis er det ikkje slik at kjeldene flyt fritt. I skriftlege kjelder må ein søkje breitt for å finne fram til skeive historier.

Tause røyster

Hundstad seier boka serverer konkrete spadestikk, heller enn eit heilskapeleg bilete av korleis det har vore å vere skeiv i ulike lokalmiljø her i landet.

– Den dominerande forteljinga har vore at det ikkje har vore mogleg å vere skeiv på bygda, og at ein har måtta flytte til større stader for å finne eit miljø. Men kanskje har det vore større takhøgd enn ein kunne tenkje seg også i ein del små lokalsamfunn. Dette har nok variert, for det er også døme på det motsette. Biletet kan vere meir nyansert enn ein har sett for seg, men her treng vi meir forsking.

– Kvifor forske på skeiv identitet og seksualitet, som jo er ein del av privatlivet til folk?

– Då vil eg svare med det historiske synspunktet at ikkje noko menneskeleg skal vere framandt for meg. Dette er trass alt viktige ting for oss menneske, seier Hundstad.

– Så dette arbeidet er viktig med tanke på ein allmenn trong for kunnskap. Det er også viktig at menneske har historier å spegle seg i og relatere seg til. Dette arbeidet er med på å setje tause røyster på kartet. Det har vore skrive mykje om familie, kjærleik og reproduksjon tidlegare i lokalhistoria, men då har søkjelyset vore på det heterofile.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet

MinneordKultur
Hallvard T. Bjørgum

Munnharpevirtuosen frå Setesdal

Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.

Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.

Foto: Ole Heman Andersen / Det norske teatret

TeaterMeldingar
Christiane Jordheim Larsen

Ivar Aasen-musikal for massane

Det er like lett å like Spynorsk. The Musical, som det er å like vaflar. Vi snakkar koseteater utan altfor mykje næring til tankane.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis