JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ungdomen no til dags

– Dei er så mykje meir oppvakte enn vi var på deira alder, seier Marie Amdam.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bandet Razika er sett på pause, og Marie Amdam har blitt litteraturformidlar på fulltid.

Foto: Anna Ofstad

2748
20200124
2748
20200124

Sidan 2016 har frontfiguren i det populære bergensbandet Razika, Marie Amdam, leia ei lesegruppe for ungdomar mellom 14 og 18 år på Litteraturhuset i Bergen. Snart startar dei opp etter nyåret med ei ambisiøs leseliste av både klassikarar og samtidslitteratur. 

– Korleis går du fram når du plukkar ut bøkene de les saman?

– Eg freistar tenke tilbake på bøker som gjorde sterkt inntrykk på meg då eg var på deira alder. Det har mellom anna vore viktig for meg at lesinga ikkje skal vere for tung. Difor har vi pløgd oss gjennom både norske bøker tilpassa aldersgruppa og mykje ungdommeleg amerikansk samtidslitteratur. Men eg har òg oppdaga at dei fort gjennomskodar det som er for enkelt, så no les vi vaksenbøker.

– Dei som har gått fast sidan gruppa starta i 2016, er no på eit heilt anna nivå enn dei var då. Då var dei tolv–tretten år og framleis for unge for mykje. Men no er dei blitt femten, og når ein er femten, les ein heilt greitt vaksenlitteratur. No vil eg gi dei opplevingar dei ikkje utan vidare hadde valt sjølve. Då eg verkeleg byrja lese, var det dei store meisterverka, klassikarane, som fjetra meg.

– Ja, i vår skal de mellom anna lese Cora Sandel. Trur du dei vil oppleve at boka er relevant for livet deira?

– Ja, motiva hos Sandel er tidlause. Det handlar om dysfunksjonelle familiar og utbrytartrong – tema som ungdomar alltid kan kjenne seg att i. Kanskje må dei gjennom ein fase av lesinga som er litt tung og keisam, men slike bøker set seg ofte djupare og får meir å seie på sikt. Eg blir ofte overraska av kor tidlaus smak dei har. Det er dei store forteljingane som treffer dei, forteljingane som dirrar.

– Eg ser at det med unntak av Ragnar Hovland berre er kvinner på leselista denne våren. Er det er eit medvite val?

– Nei. Eller, eg har vore oppteken av å lese gode porsjoner kvinner, men vi har òg lese Hamsun og Renberg og The Catcher in the Rye. Eg trur fordelinga alt i alt er jamn. 

– Kva er ditt inntrykk av tenåringar no til dags, basert på det ikkje heilt representative utvalet som kjem til lesegruppa di?

– I jula las vi Bienes historie av Maja Lunde. Det var dei sjølve som ville at vi skulle lese den boka. Eg var ikkje så gira. Men så viste det seg at boka passa perfekt. Tenåringane no er klimagenerasjonen. Dei er så mykje meir oppvakte enn vi var på deira alder: oppdaterte, engasjerte og engstelege. Ikkje berre når det gjeld klima. Mange i gruppa har til dømes lese mykje om feminisme, og eg vert ofte overraska over kor modne og kunnskapsrike dei er i diskusjonar om slike tema. Eg har i det heile stor tru på denne generasjonen. Igjen og igjen blir eg rørt av engasjementet deira.

ida@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis