Utanriks

Ubehaget i kulturen

Putin nyttar russiske kulturarbeidarar for å spreie eit positivt bilete av Russland – medan russiske kulturhus blir nytta til å drive spionasje mot vestlege land.
  

Marinskijteatret i St. Petersburg.
Publisert Sist oppdatert

Då Russland gjekk inn i Ukraina med full styrke i 2022, byrja vi å diskutere i venekrinsen: Skulle vi framleis lese russisk litteratur og lytte til russisk musikk? Sjølvsagt, var svaret mitt den gongen. Vi må òg ha kunnskap om samfunnet og kulturen til land vi ikkje likar. Tolstoj var dessutan ein framståande pasifist, Tsjajkovskij skreiv ope om eigen legning i brev til venar. Begge ville mest sannsynleg blitt forfølgde eller trakasserte i dagens Russland. 

Men så enkelt er det ikkje: Tolstoj og Tsjajkovskij er døde og kan ikkje ta til motmæle mot nokon som helst. Kreml har utferda «patriotiske leselister» for russiske skulebarn, og litterære klassikarar blir nytta for å støtte opp om nasjonsbygginga til Putin-regimet. Det same gjeld Tsjajkovskij, som hadde blitt spela ved offisielle høve alt i fleire år før invasjonen.

Musikalsk propaganda 

TAS01:MOSCOW, JANUARY 12. Russian President Vladimir Putin shakes hands with Chief Artistic Director of the Maryinsky theater Valery Gergiev after he attended the only gala concert given by the Mariinsky company in Bolshoi Theatre Jan.11. Taking part in the gala concert are practically all opera and ballet starts, the choir and orchestra of the St.Petersburg theater. (ITAR-TASS photo/ Sergei Velichkin, Vladimir Rodionov) ----- ÒÀÑ01 Ðîññèÿ,
President Putin saman med dirigenten for Marinskij-orkesteret, Valerij Gergijev, i 2001.

Denne aktiviteten er ikkje berre retta innover. I sommar har ein kontrovers råka det italienske kulturlivet – skal den russiske dirigenten Valerij Gergijev dirigere ved italienske musikkfestivalar? Gergijev var lenge ei av dei største stjernene i den klassiske musikkverda – han var sjefdirigent for tre av verdas beste orkester. Dei fleste dirigentar har nok med å dirigere eitt. 

Men dette var ikkje den einaste rolla hans. Gergijev er òg nær ven av Putin, og har deltatt aktivt i Kremls kulturpropaganda i ei årrekke. Då russiske soldatar hadde vore med på å drive Den islamske staten ut av Palmyra i Syria i 2016, reiste Gergijev ned med Marinskij-orkesteret i eit antikt amfiteater. Med Bach og Prokofjev skulle dei markere makta til den russiske staten. 

Det same hadde han gjort etter den kortvarige krigen mellom Russland og Georgia i 2008. Og i 2014, då Russland tok Krym-halvøya og starta krig i Donbas og Donetsk, var han med på å skrive under på eit opprop frå russiske kunstnarar som støtta politikken til president Putin.

Russland er ikkje det einaste landet i verda som driv aktivt kulturdiplomati. Også Kina har skipa ei rekke Konfutse-institutt rundt i verda dei siste åra. Også Universitetet i Bergen hadde eit frå 2007-2021. Biletet her er henta frå Konfutse-instituttet i Beograd, der Kina har sterke interesser.

Dette førte til at Gergijev mista dirigentstillinga for vestlege orkester etter at Russland invaderte Ukraina i 2022. Sidan har han stort sett halde seg i Russland, der han dirigerer dei to tradisjonstunge operaene i St. Petersburg og Moskva. Forsøket på å nå eit vestleg publikum gjennom ein italiensk kulturfestival stranda: Ei veke før han skulle ha dirigert konserten, blei han avlyst av arrangørane. Då hadde dei fått kritikk både frå den italienske kulturministeren, leiande politikarar og internasjonale dissidentar.

Den mjuke makta 

Interessa for Gergijev, også utanfor det klassiske musikkmiljøet, er ikkje tilfeldig. Gergijev lèt Putin nytte han for å fremje eit positivt bilete av Russland. Dette blir ofte omtalt som «soft power» – «mjuk makt» – i samfunnsforskinga. 

Omgrepet blei innført av den nyliberale statsvitaren Joseph Nye i 1985. Han peikte på at internasjonal politikk ikkje berre handlar om maktbruk og militær tvang, men òg om å få framande statar og folk til å opne seg for andre sine verdisett. USA kjempa til dømes ikkje berre den kalde krigen ved å ruste opp atomarsenalet og sende soldatar til Vietnam – trompetisten Louis Armstrong hamna til dømes på turné i kommuniststaten DDR. 

Likeins har Kina freista å fremje kinesisk språk og kultur i vestlege land dei siste tiåra, mellom anna ved å skipe eit kontroversielt forskingsinstitutt i samarbeid med Universitetet i Bergen, som eksisterte mellom 2007 og 2021.

For nøyaktig hundre år sidan skipa dei sovjetiske styresmaktene Selskapet for kulturrelasjonar med Sovjetunionen (VOKS), som skulle spreie eit positivt bilete av Sovjetunionen i utlandet.

Det var rett nok inga ny tilnærming Nye skildra i 1985 – kulturdiplomati har vore i bruk i fleire hundreår, i Russland òg. I 1925 skipa dei sovjetiske styresmaktene VOKS – Selskapet for kulturrelasjonar med Sovjetunionen. Målet var å bidra til at Sovjetunionen, som den gongen var politisk isolert, skulle få nye kontaktar i utlandet. Det fungerte: Både i USA og Storbritannia blei det skipa venskapsforeiningar som skulle arbeide for meir samarbeid med Russland. Medlemslistene inkluderte både økonomen John Maynard Keynes, forfattarane Virginia Woolf og H.G. Wells – og dessutan dirigenten Leopold Stokowski på den andre sida av Atlanterhavet. Ingen av dei var glødande stalinistar, men alle bidrog – kanskje utan å skjøne rekkeviddene av medlemskapen – til større internasjonal aksept for sovjetregimet. 

Under den kalde krigen dreiv både USA og Sovjetunionen kulturdiplomati for å fremje seg sjølve. Her landar jazzlegenden Louis Armstrong på Schönefeld i Aust-Berlin i 1965.

Også etter krigen heldt styresmaktene fram med denne politikken. Ballettdansarane ved det vidgjetne Bolsjoj-teateret i Moskva var ikkje berre ballerinaer, men kulturdiplomatar som skulle syne verdien av den sovjetiske kulturen og samfunnsmodellen. Likeins fylte fiolinisten David Ojstrakh konsertsalar verda over, medan pianistar frå heile verda reiste til Moskva for å tevle i Tsjajkovskij-konkurransen. 

Kulturplanen frå Kreml 

Tradisjonen døydde aldri ut med Sovjetunionen. Putin, som byrja karrieren som agent i den sovjetiske tryggingstenesta KGB, har vore medviten om korleis kultur kan nyttast som middel til å få innpass i andre land. Den 5. september 2022 utferda til dømes den russiske presidenten eit dokument som skildra Russlands «humanitære utanrikspolitikk». Tittelen kan verke overraskande – den russiske presidenten hadde ikkje nett utmerkt seg med å drive humanitær politikk i nærområda i månadane føreåt – men dokumentet handla då heller ikkje primært om bistand, men om korleis styresmaktene kan nytte russisk kultur til å fremje eigne politiske interesser. 

«Russisk kultur er ein viktig del av verdskulturen», heitte det i dokumentet. «Han kan nyttast som 'mjuk makt' til å styrke Russlands internasjonale status (...) og kan motverke antirussisk tankegods med politisk og ideologisk opphav. Kultur kan nyttast internasjonalt og humanitært for å betre grunnlaget for den russiske utanrikspolitikken (...).» 

Då russiske styrkar hadde medverka til å drive IS ut av Palmyra våren 2016, flaug russiske styresmakter ned det vidgjetne Marinskij-orkestret. Der spelte dei Bach og Prokofjev i det Unesco-lista kulturteatret, med president Putin på storskjerm.

Kontroversielle kulturhus 

Russland har hatt organisasjonar til å fremje eige verdssyn i ei årrekke. Russiske styresmakter har til dømes fremja russisk språk og kultur gjennom organisasjonen Rossotrudnitsjestvo sidan 2008. Isolert sett treng ikkje dette vere kontroversielt: Tyskland fremjar tysk språk og kultur gjennom Goethe-instituttet, Frankrike gjennom Institut Français. Begge har kontor i Oslo og driv språkundervisning og kulturarbeid. Også i Noreg har ein tidlegare diskutert om ein skal skipe slike kulturinstitutt i internasjonale storbyar. 

Problemet er at Rossotrudnitsjestvo er tettare knytt til dei russiske makthavarane enn mange andre kulturinstitutt. Organisasjonen ligg til dømes direkte under det russiske utanriksdepartementet, ulikt den tyske motsatsen. Derfor sette EU Rossotrudnitsjestvo på sanksjonslista alt i 2022. Organisasjonen, meinte unionen, legg «aktivt til rette for internasjonale arrangement som har som føremål å få ålmenta til å forstå dei okkuperte ukrainske områda som russiske», og at Rossotrudnitsjestvo var ein «paraplyorganisasjon» for russiske påverknadsagentar. 

Likevel er Rossotrudnitsjetstvo framleis aktiv gjennom russiske kulturhus, både i USA og i ei rekke europeiske land. Berlin, Wien, Paris – ja, til og med Washington DC har eigne kulturinstitutt, eit par kilometer unna Russlands historiske hovudfiende i Det kvite huset. På kulturinstituttet blir det arrangert foredrag og litteraturlesingar, ofte med tvilsame politiske konnotasjonar.

I ei tverrgate frå Unter der Linden, i hjartet av Berlin, ligg Det russiske huset i Berlin. Då tyske styresmakter ville undersøke om aktiviteten der var i tråd med tysk lov, måtte dei gi opp - leiinga ved huset har diplomatisk aktivitet.

Balalaika-spionasje 

Grunnen til at desse kulturinstitutta framleis finst, er ikkje nødvendigvis at europeiske og amerikanske styresmakter vil ha dei der. I 2023 ville tyske styresmakter undersøke om kulturhuset i Berlin opererte i strid med tysk lov. Det synte seg raskt at dei måtte stoppe etterforskinga: Leiinga ved huset hadde diplomatisk immunitet. Det er heilt vanleg at russiske kultursentrum blir leia av utsende russiske diplomatar, som sørger for at det er vanskelegare å etterforske eller straffeforfølge dei tilsette. 

Det er det ein god grunn til. Estisk etterretning slo i 2023 fast at Rossotrudnitsjestvo «jamleg blei nytta av FSB og SVR (dei russiske etterretnings- og tryggingstenestene, journ. merk.) for å dekke over aktiviteten til eigne medarbeidarar». Det finst det òg fleire døme på: Den danske avisa Information avdekte til dømes i 2023 at leiaren for den danske avdelinga av organisasjonen gjennom ei årrekke freista å kome under huda på politikarar og forskarar. Særleg aktiv hadde han vore ved det største romforskingsinstituttet landet, ved Danmarks tekniske universitet. To år tidlegare hadde ein russisk forskar blitt dømd til tre års fengsel for å ha spionert på universitetet. Også han var aktiv ved det russiske huset – som balalaika-musikant. 

Dekkorganisasjonen 

Då Information spurde Rossotrudnitsjestvo om aktiviteten deira og banda til den russiske utanriksetterretninga SVR, svara dei dette: 

«Rossotrudnitsjestvo er ein dekkorganisasjon for Tsjajkovskij, Rakhmaninov, Tsjekhov, Dostojevskij og andre viktige bidragsytarar til vitskap, utdanning og kultur. Kven er SVR – ein komponist eller forfattar?»

Likevel sleit danske styresmakter med å få slutt på aktiviteten i det russiske huset. Først freista dei å fryse pengeoverføringar, deretter utviste dei ti russiske diplomatar, slik at russarane fekk lågare arbeidskapasitet til å drive kulturhuset. Det fungerte: I 2023 stengde huset ned, etter nesten 50 år i København.

Samstundes har ei rekke russiske musikarar valt å dra i eksil framfor å støtte den russiske invasjonskrigen. Ofte er livet som eksilkunstnarar vanskeleg: Ikkje alle institusjonar vil nytte russiske kunstnarar. I oktober 2023 trekte to britiske musikarar seg frå ein musikkfestival i Serbia fordi festivalen hadde russiske musikarar i styret. Det hjelpte ikkje at musikarane var uttalte Putin-kritikarar.