Teater

Tusen sceneskift

Kva er det kong Olav Haraldsson, Volodymyr Zelenskyj, Espen Eide i Varg IL, Kaptein Sabeltann og ein skokk andre har til felles? Morten Svartveit.

Morten Svartveit speler for tida i tre stykke på Det Norske Teatret. I Europavisjonar har han ni roller å kle seg inn i og ut av.
Publisert Sist oppdatert

Det var i 2002 at vossingen Morten Svartveit, som studerte jus på tredje året i Bergen, fann ut at han burde leve litt før han blei jurist, og gjere noko heilt anna. Nærmast på impuls søkte han seg til det som er best kjent som ein danseskule, Bårdar-akademiet i Oslo. Han såg ikkje for seg å bli skodespelar; han ville først og fremst bevise for seg sjølv at han kunne gjere noko anna.

– Men du likte å danse?

– Eg kunne ikkje danse.

– Du likte å synge?

– Eg klunka litt heime, men… Nei, eg har enno ikkje skjønt kvifor eg sette meg på det flyet.

Han hadde eksamen måndagen, reiste til Oslo på audition onsdagen, drog tilbake og hadde ein ny eksamen på fredagen og fekk både laud og plass på musikallinja på Bårdar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement