Teater
Kvar vart det av rikdomen?
Spelet er godt, men altfor mykje er borte i denne kortversjonen av ein stor romanklassikar.
Skodespelarprestasjonane er framifrå, meiner Jan H. Landro, men mykje av romanteksten er skoren bort.
Foto: Siren Høyland Sæter / Det Norske Teatret
Trongen til å dramatisere populære romanar i staden for å få fram ny dramatikk har i farleg stor grad prega norsk teater dei siste 10–15 åra. Det er lett å skjøne, for det er billegare og på somme vis enklare.
Men når ein først vel å ty til slike løysingar, må vi i det minste kunne krevje at teatersjefen – i dette høvet Kjersti Horn – ikkje opnar hovudscenen for ein versjon som så kraftig kortar ned teksten at mykje av rikdomen går tapt. Det er dessverre tilfellet med Johannes Holmen Dahls utgåve av Göran Tunströms store familiesaga Juleoratoriet. Ei framsyning som verkar merkeleg matt.
Musikalsk ambisjon
No er det kanskje ikkje rett å skyte på denne regissøren, for han tok over ei regioppgåve som Eirik Stubø opphavleg hadde teke på seg og laga sitt konsept over (alt er jo konsept i våre dagar). Då Linus Tunström, filmregissør og son av forfattaren, no i haust skapte sin dramaversjon av romanen på Dramaten i Stockholm, til stor begeistring, hadde han ei speletid som var om lag dobbelt så lang – og truleg dobbelt så rik – som den på Det Norske Teatret. Det er å syne respekt, for både forfattaren, kunstverket og publikum.
Romanen, som gav Tunström Nordisk råds litteraturpris, og framsyninga opnar med entusiasten Solveig Nordensson (Julie Moe Sandø). Ho ivrar for ei oppgåve som eigentleg er for stor for det lokale songkoret – dei skal framføre Johann Sebastian Bachs ruvande Juleoratorium (som eigentleg ikkje er eit oratorium, men seks kantatar skrivne for dagane mellom 25. desember og trettande dag jul). Undervegs til ei korøving døyr ho i ei ulukke, og med henne døyr den musikalske ambisjonen.
Familietragedie
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.