Teater
    Overfallskunst
    For kunstnarduoen Blaue & Poppy blei eit traumatisk overfall kjelda til scenekunst.
    
    
        Etter eit traumatisk overfall i Rio krev Blaue & Poppy ei lov mot strukturell vald som dei sjølve vil ha straff for å ha brote.
        Foto: Nikolai Bergstrøm
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Ein kveld like før jul kunne folk som sklei og hutra mellom Jul i Vinterland og Stortinget, sjå eit par i førtiåra trave ned frå Det Norske Teatret og opp Løvebakken berande på plakatar med påskrifta «No theatre» og «Lov mot strukturell vald». Rundt dei svinsa ein fotograf frå Court Stage TV, ifølge skiltet.
– Teaterets død, ropte dei.
– Lovas fødsel!
Mange ensa dei knapt. Dei hadde gåver å kjøpe og julebord å rekke. Andre tok dei for å vere to i mengda av demonstrantar som skreik etter våpen til Ukraina.
Heilt opp til stortingsdøra marsjerte dei, tynnkledde, ho i sommarkjole, med langt lyst hår og raud leppestift, han i kvit dress, svart skjegg og krøllar, svartlakkerte negler og panamahatt.
Doktorgradsarbeid
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.