Trekkjer ungdomsbok om krigen
Vigmostad og Bjørke har trekt tilbake ei ungdomsbok og kjem med ei ny ut-gåve fordi dei er usikre på nokre få faktaopplysningar. Gyldendal nektar førebels å gjere det same med Marte Michelets Hva visste hjemmefronten?
Forlagssjef Elizabeth Sellevold i forlaget Vigmostad og Bjørke vil endre delar av teksten i ei ungdomsbok om krigen bygd på den omstridde boka Marte Michelet har skrive om heimefronten.
Foto: Bok 365.no
Det pikante i denne saka er at Jon Ewo, som har skrive ungdomsboka 9. april 1940; 8. mai 1945, har henta opplysningane som no blir fjerna, frå nettopp Michelets bok. Advokat Jon Chr. Elden, som representerer familiane til fleire motstandsfolk, kommenterer forlagets avgjerd slik:
– Vi synest det er svært klokt av Vigmostad og Bjørke å trekkje tilbake ei bok som byggjer på eit uriktig kjeldemateriale. Vi er i konstruktiv dialog også med Gyldendal, og dei har lova at faktafeil og feiltolkingar skal bli retta opp. Vi har felles gjennomgang av boka for å klargjere dette, men då arbeidet er ganske omfattande, tek det litt tid.
Gyldendal vil ikkje svare på kvifor dei framleis har boka i sal etter alle feila som er blitt påviste i den såkalla «motboka», Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? av Elise Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen, som kom i fjor haust. Reidar Mide Solberg, forlagssjef sakprosa, vil berre seie følgjande: «Vi jobbar no med vår eigen, grundige gjennomgang saman med Marte Michelet. Vi har vore tydelege på at dersom det er element i Hva visste hjemmefronten? som må rettast opp eller beklagast, kan vi forsikre at vi skal gjere det.»
På spørsmålet om kvifor forlaget ikkje alt trekt tilbake boka etter alle feila som er blitt dokumenterte, svarar han berre at det er eit komplisert materiale, der intervju, kjelder og dokument skal tolkast opp mot kvarandre, og at det tek tid.
Michelets bok var nr. 21 på lista over dei 30 mest selde nye, norske bøkene i 2018. Samla opplag til no er 32.000 eksemplar, 5000 av dei i pocketutgåve. Salstal vil ikkje forlaget gi opp.
Den eigentlege utgivaren av Jon Ewos bok er Ena forlag, som er eigd av Vigmostad og Bjørke. Forlagssjef Elizabeth Sellevold i moderforlaget fortel at både forfattar og forlag ønskte å gjere endringar i teksten. Slik grunngir ho avgjerda:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.