Tradisjonsvernaren som ikkje vil styre lesarane
Rune Christiansen vil skrive om det vanlege, men helst ikkje berre på naturalistisk vis. Resultatet blei Fanny og mysteriet i den sørgende skogen, ein høgst eigenarta roman.
Rune Christiansen er aktuell med ein ny roman i haust. Denne gongen om ei 17 år gammal jente.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Lesarane skal få rom til å bevege seg fritt i romanane til Rune Christiansen. Han vil ikkje at dei skal oppleve teksten eller forteljaren som autoritær, noko som skal leie dei til ein ferdig tilhogd konklusjon. Difor får vi berre følgje hovudpersonen i den niande romanen hans eit stykke på veg. Korleis det går med henne til slutt, blir opp til kvar og ein å fundere over.
Identitet
17 år gamle Fanny, oppkalla etter den franske filmstjerna Fanny Ardant, har nett mista båe foreldra i ei bilulykke då handlinga tar til. Barnevernet lèt henne få bu aleine i barndomsheimen, og i episodiske glimt møter vi henne i leitinga etter sin eigen identitet, noko som samstundes blir ei innviing til livet som vaksen. Men ho går også gjennom ein aktiv fortrengingsprosess, vil gløyme dødsulykka: «Nå skulle hun aldri mer tenke på foreldrene.»
På sin veg møter ho presten Alm, medeleven Janos og den vaksne kvinna Karen, som kvar på sitt vis kjem til å påverke livsvegen hennar. I alt som skjer med 17-åringen, er det ikkje like lett å skilje draum frå røyndom.
– Eg likar å lyfte fram det dei fleste av oss omgir seg med. Kvardagen, det som er livet; dette har eg vilja gi ein større plass i litteraturen, fortel Rune Christiansen.
– Så har eg prøvd å lage ein type klassisk realisme der eg òg dreg vekslar på draumar, eventyr, syner, misforståingar og hallusinasjonar. Det er jo ein slik kombinasjon vi er. Som forfattar står eg i eit skjeringspunkt mellom alle desse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.