Litteratur

Tiåret då det ekstreme blei normalt

Carline Tromp mangla eit større overblikk over utviklinga på den ekstreme høgresida, politisk og kulturelt. Difor skreiv ho like godt bok om det.

Carline Tromp er redaksjonssekretær for debattredaksjonen i Klassekampen.
Carline Tromp er redaksjonssekretær for debattredaksjonen i Klassekampen.
Publisert Sist oppdatert

I Kulturkrig syner Tromp korleis ekstremt tankegods på oppsiktsvekkjande kort tid er blitt normalisert og langt på veg gjort stovereint. Landskapet ho tek oss inn i, er rikt på framandfrykt og kvinnehat, alternative fakta og nettroll, rasisme, fascisme, nynazisme og terrorisme.

– Det meste av dette hadde ikkje vore mogleg utan internettet. Har redaktørstyrte medium òg noko av ansvaret for dagens tilstand?

– Ja, dei er framleis svært viktige. Også for politisk ytterleggåande rørsler ligg det prestisje og status i å komme inn i «salongane». Forsking syner at små, ytterleggåande rørsler veks merkbart etter at dei har fått store medieoppslag, seier Tromp.

Underhaldning

Ho meiner at etablerte medium ofte har laga underhaldning av dei ekstreme rørslene og provokasjonar dei har komme med.

– Å gi stor merksemd til eit lite fenomen ved å latterleggjere det gjer fenomenet meir uskuldig enn det er, men syner samstundes for sympatisørar at det finst ein politisk og kulturell elite som står fjernt frå folk flest. For dette er deira forteljingar, og då er det uheldig at dei blir framstilte som dumme klovnar og såleis får stadfest outsiderhistoria.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement