Tenner klassisk moteld mot kunnskapsløysa

Kjell Arild Pollestad set om den eine klassiske teksten etter den andre, trass i at han meiner det er null interesse for å lese dei i dag. No er han ute med sin versjon av Iliaden.

Stridsscenar frå den ambrosiske Iliaden, eit illustrert handskrift frå 400-talet e.Kr.
Stridsscenar frå den ambrosiske Iliaden, eit illustrert handskrift frå 400-talet e.Kr.
Publisert

Med alle kunnskapsløft og kvalitetsreformer er vankunna no total, meiner den tidlegare pateren. Ingen vil lenger drikke av vår gamle europeiske brønn, noko han mellom anna ser prov på i at pressa ikkje har skrive eit einaste ord om at Iliaden ligg føre på bokmål for fyrste gong på nesten hundre år.

Som med Odysseen har Pollestad òg gjort Iliaden til prosaforteljing, utan det opphavlege versemålet og med ein langt meir lesarvennleg setningsbygnad. Når eg nyttar nemninga «folkeutgåve» om resultatet, seier omsetjaren at nett det var meininga. Sjølv om han nyttar den gammalgreske originalteksten, har han også kunna stø seg på ein nygresk prosaversjon. Dessutan låner han gode løysingar frå dei gamle norske omsetjingane.

– Eg vil ikkje vere original for kvar pris.

I Danmark laga poeten Otto Gelsted prosaversjonar av Homer-eposa alt på 1950-talet, dei har komme i nærare tjue opplag. Dei går ikkje no lenger, sukkar Pollestad.

– Fram til 1990 fanst ei europeisk kjensle her til lands, no er vi den 51. staten i USA. Heile vår gamle kultur er vorten så fjern. Studentane vil ikkje lenger ha førebuande prøve i filosofi, desse gamle tankane treng dei visst ikkje. No går dei unge inn i Peterskyrkja og tek bilete av seg sjølve; det er altså spegelen som er idealet i dag.

– Prosaversjonen din av Odysseen møtte ikkje berre jubel i si tid, men det var du vel budd på?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement