JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Tenner klassisk moteld mot kunnskapsløysa

Kjell Arild Pollestad set om den eine klassiske teksten etter den andre, trass i at han meiner det er null interesse for å lese dei i dag. No er han ute med sin versjon av Iliaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stridsscenar frå den ambrosiske Iliaden, eit illustrert handskrift frå 400-talet e.Kr.

Wikimedia Commons

6932
20180608
6932
20180608

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Med alle kunnskapsløft og kvalitetsreformer er vankunna no total, meiner den tidlegare pateren. Ingen vil lenger drikke av vår gamle europeiske brønn, noko han mellom anna ser prov på i at pressa ikkje har skrive eit einaste ord om at Iliaden ligg føre på bokmål for fyrste gong på nesten hundre år.

Som med Odysseen har Pollestad òg gjort Iliaden til prosaforteljing, utan det opphavlege versemålet og med ein langt meir lesarvennleg setningsbygnad. Når eg nyttar nemninga «folkeutgåve» om resultatet, seier omsetjaren at nett det var meininga. Sjølv om han nyttar den gammalgreske originalteksten, har han også kunna stø seg på ein nygresk prosaversjon. Dessutan låner han gode løysingar frå dei gamle norske omsetjingane.

– Eg vil ikkje vere original for kvar pris.

I Danmark laga poeten Otto Gelsted prosaversjonar av Homer-eposa alt på 1950-talet, dei har komme i nærare tjue opplag. Dei går ikkje no lenger, sukkar Pollestad.

– Fram til 1990 fanst ei europeisk kjensle her til lands, no er vi den 51. staten i USA. Heile vår gamle kultur er vorten så fjern. Studentane vil ikkje lenger ha førebuande prøve i filosofi, desse gamle tankane treng dei visst ikkje. No går dei unge inn i Peterskyrkja og tek bilete av seg sjølve; det er altså spegelen som er idealet i dag.

– Prosaversjonen din av Odysseen møtte ikkje berre jubel i si tid, men det var du vel budd på?

– Sjølvsagt. For det er jo lektor Tørrdal som har hatt hand om mykje av dette i Noreg, både det norrøne og det klassiske. Det vesle som kom av respons, var stort sett positivt, men somme mosjonerte dei gamle kjepphestane sine om at teksten må behalde det opphavlege heksameteret.

– Men dette kviler på ei stor mistyding. Dei fleste land i verda kjenner berre Homer i prosa. Heksameteret kan ikkje omsetjast til våre europeiske språk utan store tilpassingar, for det byggjer på spenninga mellom korte og lange stavingar. Vi kan ikkje uttale lange vokalar utan å gje dei trykk; det kunne grekarane. Der teksten syng på gresk og vert melodisk, slår han berre takten på våre språk. I mi omsetjing av Iliaden nyttar eg ikkje rein normalprosa, men ei meir rytmisk form. Her er teksten meir høgstemt enn i Odysseen, noko som svarar til ånda i verket.

Den sterke humaniteten

Pollestad er slett ikkje sikker på at så mykje av poesien har gått tapt sjølv om han har gjeve avkall på versemålet. Rett nok er den opphavlege rytmen borte, men gjennom 15.000 vers er han berre søvndyssande, meiner omsetjaren.

– Det er nesten ikkje til å halda ut for moderne lesarar.

Iliaden ser Pollestad som ein slags krigens estetikk. Homer skildrar krigen som noko vakkert. Det er ikkje så mange kvinner med, men dei som finst der, er sterke profilar som står på freden si side.

Pollestad har også laga ein bokmålsversjon av Snorres Heimskringla, og det slår han korleis den materielle kulturen Homer skildrar, verkar langt meir framskriden enn det ein finn hjå Snorre to tusen år seinare.

– Kva tykkjer du har vore det vanskelegaste med dette omsetjingsarbeidet?

– Alt er vanskeleg. Homers språk er svært fjernt frå vår måte å tenkje og skrive på. Det var krevjande å få løyst opp dei tunge, greske konstruksjonane til klar og enkel norsk. Men det er gildt å halde på med.

Pollestad ser dei to homeriske eposa som kanskje dei største verka i verdslitteraturen. Dette grunngjev han med den sterke humaniteten som strøymer gjennom alt, og ein diktar som er så upartisk at han knapt gjer skilnad på grekarane og fiendane deira. I tillegg kjem den kulturelle byrgskapen forfattaren har andsynes alt han skildrar, og kor levande og varierte skildringane av krigen er.

– Kva ser du som dei viktigaste og – i vår tid – mest relevante verdiane vi kan ta med oss frå desse tekstane?

– Det same som hjå Snorre: Kor prekært livet var for menn i desse kulturane, på godt og vondt. Eg trur desse mennene hadde eit festlegare liv enn dei fleste menn har i dag, men dei betalte ein høg pris for det, dei var jo i livsfare det meste av tida. Alt som fanst av samhald, venskap og gjensidig beundring, er svært flott skildra både hjå Snorre og hjå Homer. Desse to miljøa står mykje nærare kvarandre enn Snorre og vår tid.

«No er det slutt»

– Hjå Homer kryr det av gudar og halvgudar som grip inn i handlinga. Kva har erstatta dei i vår tid?

– Lagnaden. Desse gudane er like lunefulle som den blinde lagnaden. Dei kranglar og strir seg imellom og speglar slik menneska som har skapt dei.

– Kor mykje historisk sanning trur du vi finn i desse tekstane?

– Dette er nok segnfigurar frå den mykenske kulturen, fleire hundre år før Homer. Eg trur nok at han sjølv meinte dette var personar som hadde eksistert. Dei er svært verkelege og levande.

– Kva i dei to eposa har skapt størst undring hjå deg?

– Dei er jo så ulike. Odysseen er som ein roman, med mange fantastiske historier. Iliaden er meir av ein høgtidsstemt og alvorsdjup tragedie. Det finaste er skikkelsane vi får møte, ofte så djupt og vakkert skildra at ein vert gripen av det.

– Homer har vore med oss heile tida. Aleksander den store las Homer, Napoleon likeins. Han har levd i vår kultur heilt til no. Men no er det slutt. Når ein ikkje lenger har noka nysgjerrigheit i vår kultur, og ho er ved å forsvinne, skjønar ikkje dei nye studentane kvifor dei skal vere opptekne av gamle tankar.

Kritisk til 2011-bibelen

Spør du Pollestad kvifor han nyttar all si tid på omsetjing, svarar han:

– Eg var forfattar. Men dei fleste lesarane mine er døde, så difor var det liten grunn til å halde fram med å skrive bøker sjølv. I globaliseringsørkenen fann eg tre oasar: det norrøne, det antikke og Bibelen. No er eg ferdig med det norrøne og Homer og i gang med å setje om heile Bibelen til norsk. Det vonar eg å vere ferdig med i 2022–23.

I 2015 gav Pollestad ut ei prøveomsetjing. Folk i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur oppmoda han då om å ta fatt på heile Bibelen. Rett nok meiner han at Det Norske Bibelselskap har store kunnskapar, men sansen for poesi er det visstnok skralare med. Der finn han mykje som skurrar.

– Du er altså ikkje nøgd med den nye bibelutgåva frå 2011, der mange skjønnlitterære forfattarar tok del i arbeidet?

– Eg trur dei vart nedstemte i dei siste rundane. At dei kan skrive under på sluttresultatet, kan eg ikkje tenkje meg.

– Men forfattarane er nøgde, dei vart ikkje nedstemte?

– Dei har nok tilført teksten mange poetiske perler, men språktonen er svært ujamn, og eg kan vanskeleg tenkje meg at dei kunne skrive under på heile sluttresultatet. I mi bibelomsetjing gjer eg alt for at det som er poesi, skal stå fram som poesi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I globaliseringsørkenen fann eg tre oasar: det
norrøne, det antikke
og Bibelen.

Kjell Arild Pollestad

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis