Utfordring til statsministeren
Etter at «skandalestykket» Ways of Seeing har kome seg ut av den betente andedammen i hovudstaden, er det tid for ei oppsummering.
Ways of Seeing har vore vist både i Tromsø og Bergen etter premieren i Oslo i fjor haust. Denne veka går stykket på Det Norske Teatret.
Foto: Leif Gabrielsen ( Black Box Teater
Kommentar
Jan H. Landro
janh@landro.bergen.no
Det knyter seg ikkje berre éin, men fleire skandalar til stykket Ways of Seeing. Men stykket sjølv er så langt frå å vere ein skandale.
For å ta skandalane i tur og orden:
1. At ålmenta, frå hovudstaden, gjekk bastant ut og meinte sterkt om noko dei korkje hadde sett eller hadde relevant kunnskap om. Den slags er langt frå eineståande i dette landet, dessverre. Her fekk dei rett nok ammunisjon frå ei lite imponerande melding i Aftenposten, men ho aleine gav slett ikkje grunnlag for dei urimelege reaksjonane.
2. At politiet, totalt ukritisk og heilt utan dokumentasjon (og utan å ha sett framsyninga, sjølvsagt), sikta tre av skaparane av verket og direktøren ved Black Box teater for brot på straffelova paragraf 267 om krenking av privatlivets fred. Då var dei fire rett nok eit par månader før blitt melde til politiet, som raskt kom til at her fanst ikkje grunnlag for å setje i verk etterforsking, og la saka til sides. Men etter kvart som saka fekk tydeleg politiske implikasjonar, med justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) i sentrum, fekk konstituert statsadvokat Andreas Strand kalde føter. Han gav ordre om at saka skulle opnast att, og politiet svara med å gå til retten og be om løyve til å ransake husa til dei fire sikta personane. Heldigvis går det svært lang tid mellom kvar gong ein opplever slikt her i landet, og domstolen såg det urimelege i dette.
3. At landets statsminister, Erna Solberg (H), gjekk offentleg ut og kritiserte stykket og dei som stod bak det: «Jeg tenker at de som har laget stykket må tenke over at de også bidrar til å sette et fokus på politikere og deres omgivelser og mennesker, som bidrar til at det er tøffere å være politiker.» Kva hadde ho sjølv tenkt over da ho ytra dette? Det er sjølvsagt unødvendig å nemne at statsministeren ikkje hadde sett stykket. Korleis kan ho, med den tyngda embetet gir henne, ytre seg på så syltynt grunnlag? Ved festspillopninga sa ho at «kunsten er og skal være fri». Men då var sjangeren festtale, som jo er noko heilt anna.
4. At Erna Solberg har nekta å sjå stykket. Då kritikken hagla i media mot dei som stod bak Ways of Seeing, sa ho (i det same intervjuet) at dei måtte «ha ryggrad til å stå i det». Det har dei sanneleg hatt. Men kva med statsministeren sjølv? Ho har ikkje våga å bli konfrontert med eit stykke som kanskje ikkje var slik ho trudde. Ikkje mykje ryggrad der. Til overmål har ho nekta plent å beklage utsegna si.
5. At sentrale Frp-arar i Oslo på autopilot rykte ut og ville ta frå Black Box Teater all kommunal stønad.
Det store paradokset i denne saka er at fleire av dei som sette heile spetakkelet i gang, med skuldingar om brot på privatlivets fred, er personar som sjølve ivrar for å svekkje folks rett til skjerma privatliv. Regjeringa Solberg kjempa for Datalagringsdirektivet like til EU-domstolen avgjorde at det var ulovleg. Den same regjeringa vil innføre eit digitalt grenseforsvar som gir løyve til å gripe ganske langt inn i livet vårt. Og så blir dei sterkt kritiske over at nokre husfasadar til identifiserte, kjente personar blir viste i korte videoglimt, namn og adresser enkle nettsøk kan få fram med få tastetrykk.
Dei som sette denne prosessen i gang, har kanskje oppnådd det dei ville: at kunstnarar på ulike felt vil vere meir forsiktige med å ytre seg kritisk gjennom kunsten sin. Sjølvsensur er eit trugsmål mot ytringsfridommen, samfunnsutviklinga og den frie samtalen. Men det er ikkje mot kunstnarane som no kanskje blir stillare, kritikken skal rettast. Kritikken skal rettast mot dei som utnytta systemet, og dei i systemet som lét seg utnytte.
Men kva kan gjerast for å rette opp igjen balansen, slik at vi også i framtida har eit fritt kunstfelt der forfattarar, teatersjefar og skodespelarar, filmskaparar, biletkunstnarar og andre framleis torer ytre seg samfunnskritisk og ope?
Eitt svar ligg heilt oppe i dagen: Dersom den personen med høgst autoritet her i landet, statsminister Erna Solberg, kunne stå fram og offentleg vedgå at det ikkje var grunnlag for det ho sa, ville mykje vere vunne. Korleis kan det ha seg at ho ikkje sjølv innser kor skadeleg utsegna hennar var for ytringsfridommen?
Jan H. Landro er medlem av Hedda-juryen, som har nominert Ways of Seeing som ein av fleire kandidatar til ein pris. Her uttalar han seg ikkje på vegner av juryen.
Jan H. Landro er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Erna Solberg har ikkje våga å bli konfrontert med eit stykke som kanskje ikkje var slik ho trudde.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.