Teater
Heddaprisvinnaren
Ikkje berre fekk ho to Heddaprisar. I tillegg har ho «aksjar» i ytterlegare fire av årets prisar. Ei lang «Hedda-tørke» er ettertrykkeleg slutt for regissør Kjersti Horn.
Prisen for beste regi gjekk til Kjersti Horn (t.v.) for «Romeo og Julie» av William Shakespeare. Prisen blei delt ut av Tuva Livsdatter Syvertsen på Oslo Nye Teater.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Ein kunstnar kjem ikkje bort frå seg sjølv. Det gjer heller ikkje Kjersti Horn. Har du ei funksjonshemming, får du òg kjenne på utanforskap. Den kjensla merka ho tidleg, og det har prega den kunstnarlege livsvegen hennar. Men somme maktar vende eit handikap til siger, til stor kunst som treffer både dei som er utanfor, og dei som er innanfor. Etter tallause nominasjonar til den gjævaste teaterprisen i landet fekk den kompromisslause regissøren søndag den heideren mange lenge har unnt henne.
– Eg blei svært stolt over å få regiprisen for Romeo og Julie på Den Nationale Scene. At eg også skulle få prisen for særleg kunstnarleg innsats, gjorde meg paff. Eg har jo aldri fått Heddaprisen før, men har med stor glede opplevd at folk eg har instruert og stått nær i ulike oppsetjingar, har fått prisen. Dette er kjernen i det eg held på med, å få skodespelarane til å prestere sitt aller beste og bruke kreftene riktig.
– Kva er det som driv deg?
– For meg er teater eit svært personleg prosjekt også. Målet med eit nytt regiarbeid er ikkje alltid å lage den beste framsyninga. Det viktige er å møtast i ein tekst eller ei problemstilling. Der finst det noko som angår meg personleg, som eg vonar også angår dei andre. Det er ein måte å skjøne korleis ein skal kunne leve betre, leve saman eller leve i verda på.
Ho var 19 år då ho laga sin første produksjon, Mark Ravenhills Shopping and Fucking.
– Der kjende eg meg att i einsemda og utanforskapen som eg sjølv ikkje hadde ord for. Å forstå at ein kunne dele den typen røynsler med andre og undersøkje desse røynslene saman i teaterrommet – og etter kvart med publikum – var ei kraftig oppleving for meg. Teater er eit verktøy for å leve, og i min spesielle livssituasjon har eg hatt stor nytte av dette verktøyet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.