JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Sviken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1804
20171208
1804
20171208

Kjære ja-folk. Det har vore vanskelege år i det siste, med stabilt, solid fleirtal imot unionen de ønskjer vi skal vere del av her på berget. Men fatt mot. Historia, som ofte tek eigne og uransakelege vegar, har kome med ei soleklar vinnarsak og høve til å revitalisere alle gode argument.

Folket vert nok ikkje med på den viktige oppgåva no heller, men for å vere på den trygge sida er det ingen som har tenkt å spørje dei denne gongen. Stortingsfleirtalet er nok òg imot, men det er berre fordi politikarane ikkje har tenkt seg skikkeleg om enno. Heilt openbert har dei ikkje det.

For igjen handlar det om eit nytt fredeleg samarbeid og styrking av demokratiet. Det handlar om nedbygging av grenser like utanfor (Romeriks)porten vår, og om nye demokratiske prosessar som kjem til å forme utviklinga i nærområda våre.

Det handlar om ein ny felles marknad for varer, tenester, kapital og menneske. Fri flyt og felles spelereglar som vert skapte rett framfor augo på oss.

Då kan vi ikkje mure oss inne bak ei eiga regiongrense og vere oss sjølve nok, som ein isolasjonistisk utpost i ei verd av fellesskap. Tenk om ingen vil handle med oss? Tenk om ingen vil jobbe hjå oss? Tenk om ingen vil kome hit meir? Tenk om ingen vil høyre på oss?

Det er openbert at vi må med. Dette er europeisk solidaritet og samarbeid i eit nøtteskal, og ei lita nøtt.

Vi kan ikkje godta at vi igjen sit på gjerdet med nisselua i handa og ikkje får plass rundt bordet der framtida rundt oss vert vedteken.

Vi må ta grep. Vi må mobilisere, og vi må mobilisere no. Det er for seint å kome med à la carte-ønska våre når politikarane frå halve kongeriket har sete saman i Østfold, Buskerud eller Akershus og snekra trerettarsmenyar.

Er de med meg eller vert eg sviken?

Beste helsing ein som vil ha Oslo inn i Viken.

AU

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis