Festspel
Stemma
Odda-forfattaren Lars Ove Seljestad har òg bakgrunn som smelteverksarbeidar.
Eg var ein gong på ei omvising i Folldalsgruvene i Nord-Østerdalen. Ein tilårskomen ålesundar hadde forvilla seg inn dit og blitt guide. Han sette på oss hjelmar og tok oss med 1600 meter ned i fjellet, i eit skjenegåande tog. Det var ei klaustrofobisk ferd. Vi stansa i ei hole som hadde takhøgd og breidd og alt som skulle til for ikkje å bli kvelt av fjell tett på hovudet, og som var ein arena for føredrag og konsertar i moderne tid. Då valde han ikkje å fortelje om suksessen til eigarane av gruva eller kva gruvedrifta hadde tilført samfunnet, men om dei dårlege kåra arbeidarane hadde, og kva slags tyrannar eigarane var. Her var ein kar som hadde valt ståstad. Kvar skal ein fortelje frå? Det finst mange perspektiv. Velstanden kunne vi jo lese om på plakatane over bakkenivå.
Då fagforeiningsleiar og Raudt-politikar Terje Kollbotn og forfattar Lars Ove Seljestad tok oss med på vandring på smelteverkstomta i Odda, hadde dei same horisonten: Dei tok parti med arbeidarane. Dei gjekk framføre ein koronaspreidd flokk med berbart lydanlegg, peika og forklarte. Seljestad, som òg er tidlegare smelteverksarbeidar, las industridikta sine innimellom. Eg har lese dei før, med glede, men då sat eg på ein veranda i Bergen, ante fred og ingen fare, her gjekk dei rett inn i sjølve miljøet. Då kjendest det farefullt. Kalsiumcyanidverk og karbidfabrikk, det er ikkje berre berre. Kollbotn fortalde om den første streiken i Odda i 1909. Den oppstod på grunn av planar om nedbemanning i eit alt utsett og farleg yrkesfelt. Det enda med full siger for dei streikande, og der la dei grunnlaget for mange sigrar for arbeidarar etterpå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.