Bok
Steinane i kulturlandska pet
– Dei gamle steinhusa fell harmonisk inn i landskapet, i sterk kontrast til dei store og dominerande bygningane frå oljealderen, slår Eva Røyrane fast.
Klausagarden på Bergfjord i Lindås er seks meter høg og to meter brei på det høgaste. Eigaren kunne ha sett opp eit vanleg gjerde, men valde å laga ein diger steingard.
Eva Røyrane er aktuell med boka Av stein, som ho har laga saman med fotografen Oddleiv Apneseth. For tre år sidan hadde dei stor suksess med Norges låver, som tok for seg låvebygningar frå heile landet. No kjem bestseljaren i nytt opplag, og til saman er det trykt 20.000 bøker. I arbeidet med boka farta dei landet rundt for å finna spennande låvebygningar, og på desse reisene vart ideen om ei bok om gamle steinhus fødd. Overalt i landet er det bygt steinhus, men den største konsentrasjonen finst i området mellom Bergen og Sognefjorden.
– Der har mange av steinhusa vorte ståande, i motsetnad til dømes på Jæren, der landbruket har vore drive langt meir intensivt. I Nordhordland har ikkje moderniseringa og industrialiseringa av landbruket vore like utbreidd, seier Røyrane.
I arbeidet med løeboka møtte dei Magni Skrede i Meland like nord om Bergen. Ho hadde kjøpt seg ei gamal steinløe og gjort henne om til ein triveleg bustad. Skrede er oppteken av å ta vare på den gamle steinarkitekturen og omtalar steinhusa som «Nordhordlands pyramidar».
– Det er bygt mykje fint i gråstein, både ved sjøen, på fjellet og i tunet. Det gjeld berre å oppdaga det, seier Røyrane.
Radøy er ein av kommunane i Nordhordland med flest steinhus og steingardar.
– Eg hadde køyrt over Radøy fleire gonger tidlegare, men la ikkje spesielt merke til steinhusa før me byrja å arbeida med boka, fortel Røyrane, som håper at publikum skal få auga opp for steinhus på same vis som mange har fått interesse for låvebygningar i nærmiljøet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.