– Språket vårt er enormt kjønna
Før var det manglande spelerom som hindra kvinner i å utfalde seg i kunst og litteratur. Det er framleis eit problem, men mykje diskriminering ligg også i språket, meiner Marta Breen.
Den førre boka som Marta Breen gav ut, i samarbeid med illlustratør Jenny Jordahl, er seld til 21 land.
Foto: Maria Gossé
Med boka Om muser og menn leverer Breen eit oppgjer med haldningar som gjennom generasjonar har gjort det vanskeleg for kvinner å nå fram i kunst- og kulturlivet. Så vanlege – ja, så sjølvsagte – har mange av desse haldningane vore, at mange kvinner har gjort dei til sine eigne. I boka prøver forfattaren også å oppvurdere kvinner som samtid og ettertid har nedvurdert.
Kjønna kulturhistorie
Den sjølverklærte feministen ser boka si som ei kjønna kulturhistorie, der ho prøver å presentere det som kvinner frå Virginia Woolf og framover har sett ord på, og ei oppdatering anno 2019.
– Det Virginia Woolf skreiv i A Room of her Own for nitti år sidan, er stadig svært aktuelt. Mykje har endra seg, sjølvsagt, og boka mi prøver å formidle feministhistorie og kvinners kulturhistorie for nye lesarar på ein underhaldande måte. Og det gjer absolutt ikkje noko om folk blir provoserte på vegner av formødrene våre.
Breen meiner det finst ei forventning om at kvinner i Noreg i dag skal vere emosjonelt ferdige med dette og ikkje vere sure for det som har skjedd før.
– Men det er trist å tenkje på alle kvinnene som kunne ha gitt ut fleire bøker eller skapt meir kunst, om det berre ikkje var for at dei blei hindra på alle moglege vis. Med tanke på alle omsorgspliktene kvinnene var pålagde, og som mennene slapp, er det knapt til å tru at så mange trass alt har lykkast. Det er typisk at mange av dei kvinnelege kunstnarane vi høyrer om, har måtta ta mange omsyn som dei mannlege kollegaene ikkje trong tenkje på eingong, omgitt som dei var av støtteapparat på heimebane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.