Litteratur

Skriv seg fri

Når noko plagar Kjersti Annesdatter Skomsvold, skaper ho det om gjennom skrivinga så det til slutt blir til litteratur. Ofte er det tale om personleg lausriving.

Kjersti Annesdatter Skomsvold seier at for henne er skrivinga ein måte å halde verda i balanse på.
Kjersti Annesdatter Skomsvold seier at for henne er skrivinga ein måte å halde verda i balanse på.Kjersti Annesdatter Skomsvold seier at for henne er skrivinga ein måte å halde verda i balanse på.
Publisert

Den 45 år gamle Agnes Møller er ei kvinne full av motsetnader og med eit langt rikare indre enn ytre liv. Ho synest å vere nokså usikker på seg sjølv, ho er fylt av uro og redd for å gjere feil.

Forfattaren fortel at ho med denne skikkelsen ønskte å finne ut kva som skjer med eit menneske som kjenner seg framand i verda, men som trass i det vel å utsetje seg for henne.

– Med Agnes ville eg undersøkje om ein kunne vere tru mot sitt indre liv og samstundes ha eit vanleg arbeid, ha vennar og kanskje også sleppe eit anna menneske heilt nær. Korleis kan ein halde på seg sjølv og samstundes utsetje seg for andre?

Nytt i denne forfattarskapen er at hovudpersonen i Skomsvolds førre roman, I dag jeg, i morgen du, speler ei viktig rolle også i årets roman, Agnes natt og dag. Rett nok dukka Agnes opp i Peter Venns liv heilt på slutten av historia om den innettervende omsetjaren, men forfattaren hadde aldri tenkt at Agnes skulle få sin eigen roman.

Eit spørsmål frå ein lesar, ei vandring gjennom ein liten skog og lesing av nokre sider i Dag Solstads Professor Andersens natt fekk Skomsvold på andre tankar. I daglege økter på to timar skreiv ho seg inn i historia om jordmora Agnes – og gjorde ei oppdaging.

– Eg har alltid tenkt at eg ikkje ville vere i stand til å skrive anna enn i 1. person, for eg har hatt behov for å vere inne i hovudet på dei eg skriv om for å skjøne korleis dei tenkjer. Men brått kjentest det så naturleg å skrive i 3. person. Det var som om eg kunne senke skuldrene litt, noko som passa til forandringa Agnes går igjennom i romanen. Ho skulle også senke skuldrene og gi meir faen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement