Bok

Skreiv si beste bok – og døydde

REYKJAVIK: Sigurdur Pálsson døydde i fjor haust, men er nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Sigurdur Pálsson vart så populær at det vart innført forbod mot å ta skrivekurset hans meir enn to gonger. Her er han fotografert saman med den norske omsetjaren Kristian Breifjord.
Sigurdur Pálsson vart så populær at det vart innført forbod mot å ta skrivekurset hans meir enn to gonger. Her er han fotografert saman med den norske omsetjaren Kristian Breifjord.
Publisert

Islendingen er nominert for diktsamlinga Dikt husker stemmen, som kom i tre opplag på Island hausten 2016.

– Samlinga var annleis enn Pálssons tidlegare bøker, og ho appellerte til islendingane. Det verkar som om ho er ei av få islandske diktsamlingar som vert omsett til fleire språk, fortel Kristian Breidfjord, som har sett om dikta til norsk.

Breidfjord har norsk mor og islandsk far. Tidlegare budde han i Noreg, men no held han til i Reykjavik, der han driv med forlagsarbeid og omsetjing av bøker.

Alvorleg sjuk

For vel tre år sidan fekk Pálsson beskjed om at han hadde kreft som kom frå asbest.

– Det var klart at han ikkje kom til å leva så lenge med sjukdommen. Han levde i tre år, men både forfattarskapen og livet endra seg. Han arbeidde kolossalt desse åra. Samstundes hadde han åndelege og mystisistiske idear, men forklarte meg aldri kva det var. Han kjende mystisk litteratur og astrologi, og sa at ein kunne ikkje lesa Dante utan å kjenna stjerneteikna på skikkeleg vis. Han kunne skriva dikt om kva som helst. Det var ein naturleg reaksjonsmåte på alt i livet. Den åndelege sjølvbiografien er å finna i dikta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement