Litteratur
Skreiv ny bok då motet svikta
Selma Lønning Aarø måtte skrota manuset til ein roman som kom for tett på røyndommen. I staden skreiv ho ein roman om ein forfattar som kjem i same situasjon.
Selma Lønning Aarø er forfattar og spaltist.
Foto: Agnete Brun
Kva eller kven ho skreiv om, vil ho ikkje røpa, men utgangspunktet skal ikkje ha vore så langt frå det vi finn i Privatlivets fred, som blei «erstatningsboka». Med denne har forfattaren utforska den problematiske sjangeren røyndomsroman. Også koronaen får spela med, men ikkje slik at det blir ein koronaroman, berre eit uttrykk for korleis det innestengde tilværet aukar presset på hovudpersonen.
Den førre romanen hennar, Hennes løgnaktige ytre (2016), handla om forfattaren Anna Munch (1856–1932). Derfor låg det nær å tenkja at arbeidet med ein slik dokumentarroman hadde utløyst ønsket om å grava seg djupare ned i den såkalla røyndomslitteraturen. Men nei.
– Etter boka om Anna Munch var eg svært innstilt på å gå inn i fiksjonen igjen. Å måtta relatera seg til ein røyndom som fanst, og eit livsløp som var lagt og ikkje kunne endrast, gjorde at eg kjende meg innestengd. Då eg var ferdig, såg eg berre fram til å kunna finna på.
Men det blei ikkje det prosjektet ho hadde tenkt.
– Omstenda i Privatlivets fred er nokså ulike dei frå den verkelege historia. Men som forfattaren i romanen blei også eg svært lei meg for at eg måtte skrota manuset eg hadde arbeidd så lenge med. Som forfattar er ein jo del av eit økonomisk og litterært krinsløp, der utgivingar gir royalties og stipend og deltaking på festivalar, og då er det ein aldri så liten katastrofe å hamna utanfor det krinsløpet. Eg var ganske fortvila. Men så kom denne boka som løysinga.
– Opplevde du dei same kvalane i arbeidet med din skrota roman som forfattaren i Privatlivets fred fekk i arbeidet med sin?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.