Skjønnlitteratur kan skjerpe blikket

Som litteraturformidlar har Gunnhild Øyehaug arbeidd for å gjere terskelen for å opne ei bok så låg som råd er. No har ho gjeve ut med 19 mikroessay, som også fortel om diktinga hennar.

Forfattar Gunnhild Øyehaug har skrive 19 mikroessay om dikting.
Forfattar Gunnhild Øyehaug har skrive 19 mikroessay om dikting.
Publisert

Sin eigen lesar ser Øyehaug (42) føre seg som ein som sit oppslukt over boka. Helst vil ho klare å skape slikt driv i teksten at lesaren gløymer hendene som held boka. Det er derfor ho skriv. Hennar eiga oppleving av å forsvinne inn i skrifta under skrivinga, ønskjer ho å overføre på lesaren.

Men korleis er ho sjølv som lesar? Ikkje heilt slik ho vil at hennar eigne lesarar skal vere.

– Eg er så utolmodig. Etter eit par sider ser eg kva forfattaren gjer, så legg eg boka frå meg. Ein yrkesskade, trur eg. Men så hender det at eg blir overrumpla og må lese vidare. Som då eg las kortprosasamlinga Ninety-nine stories of God av amerikanske Joy Williams. Ho er sjangeroverskridande og bryt ned forventningane mine til kva ein tekst skal gjere, men lyfter meg samstundes opp som lesar. Eller Michael K. Hans liv og tid av John M. Coetzee, ein klassisk forteljestruktur som er så handlingsmetta og overrumplar meg heile vegen. Heilt fantastisk.

I Miniatyrlesingar har Øyehaug samla 19 korte tekstar om litteratur, der ho går nærare inn på små utdrag frå kjende og mindre kjende romanar, noveller og dikt, og freistar forklare kva som gjer dei gode eller kvifor dei appellerer så sterkt til leselysta hennar. Kva som kallar fram «blåkvalkjensla», som ho opplevde så intenst som lita da ho las og såg på bilete i ei bok om kval.

– Det var ein heilt magisk og innsugande lesnad. Noko som fekk meg til å søkke ned i eit enormt mysterium. Det er litt den same kjensla som oppstår når eg blir treft av god litteratur. Tekstane eg skriv om, er slike som gir meg denne kjensla, og som eg trur kan gi andre den same.

– Kan vi lese ein øyehaugsk poetikk ut av det du skriv i desse korte essaya?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement