Bok
Skatten i strikkebokkista
Historia om selbuvotten er historia om korleis to trådar vart til mønster nok til å mette ei bygd.
Det skal tynne pinnar til.
Kva er ein tommelfingerregel? I daglegtale er det greitt nok: ein regel som er lett å hugse, og som som regel er nokolunde rett. Men kvar kjem uttrykket frå?
Kan det hende det kjem frå tommelfingerregelen Anne Bårdsgård presenterer i Selbuvotter? Tommelfingerregelen for vottestrikking er at nettopp tommelfingeren skal kunne brettast bakover og hamne på handleddet, og om du brettar vottbladet i to slik at det passar inn i tommelkroken, skal tuppen på tommelen hamne på bretten.
For meg vart det i alle høve ei av mange aha-opplevingar i denne skatten av ei strikkebok. Til vanleg er ikkje denne sjangeren verd å bruke særleg med tid på – strikkebøkene fortel sjeldan noko særleg utover strikkeoppskriftene det er meininga lesaren skal kopiere. Dei kan vere pene eller stygge, men det vert meir ei subjektiv vurdering.
Boka Anne Bårdsgård har skrive, er noko anna. Ja, det er oppskrifter i ho, i den bakarste delen, og det går an å kopiere dei (mellom anna kan du strikke vottane seriemorderska Belle Gunnes strikka som ung), men der stoppar likskapen. Boka fortel ei kulturhistorie.
Mangfald på veg ut
Anne Bårdsgård voks opp med jamleg forsyning av totrådsvottar frå bestemora Inga Bakklien. Då både ho og vottelageret ho lét etter seg var oppbrukt, fann Bårdsgård ut at det ikkje var nokon veg utanom å lære seg å strikke dei sjølv. Men vottemønstra ho fann på Husfliden, svarte ikkje til plagga ho voks opp med – både mangfaldet og detaljrikdommen var ein heilt annan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.