JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Skandinavisk familieterapi

BERGEN: Hilde Sandvik har lenge drive med det ho spøkefullt kallar «sniknordifisering». I år, med podkasten Norsken, svensken og dansken, trefte ho blink på tidsånda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hilde Sandvik synest det er merkeleg at ikkje fleire har eit sterkt prinsipielt forhold til ytringsfridom.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

10940
20201016

Hilde Sandvik

Fødd i 1970 i Erfjord i Rogaland, bur i Bergen

Tidlegare redaktør i Syn og Segn

Tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende

Slutta i BT i 2016 for å etablere den skandinaviske plattforma Broen.xyz

Primus motor for podcasten Norsken, svensken og dansken

Media

ida@dagogtid.no

Koronatida har gjort dei skandinaviske landa skandinaviske att. I vår sat ungdomar heime framfor Dagsrevyen og venta spent på pressekonferansane til svenske og danske statsleiarar, i sommar skreiv nordmenn lesarinnlegg om den svenske smittevernsstrategien – som om vi hadde noko vi skulle ha sagt ­– og i haust har ein kunna lese norske analysar av korleis det artar seg no når metoo omsider er komen til Danmark.

Rett før denne utviklinga byrja, lanserte Hilde Sandvik ein podkast som skulle vise seg å vere uhyre godt tima: Norsken, svensken og dansken. I ei tid då gud og kvarmann har fått det for seg at dei skal lage podkast, noko dei aller færraste gjer bra, skil Norsken, svensken og dansken seg ut. Denne podkasten høyrest ikkje ut som om han er produsert av den amerikanske radiostasjonen NPR, som laga formatet og stemme- og lydeffektbruken som dei fleste norske pratepodkastar meir eller mindre medvitne etterapar. Norsken, dansken og svensken er enklare produsert, med tre personar som sit med kvar sin mikrofon, i kvart sitt land, og utvekslar tankar om det som utspelar seg i samfunnsdebatten i dei respektive landa. Dei tre er Hilde Sandvik (norsken), Åsa Linderborg (svensken) og Hassan Preisler (dansken), og resultatet er det dei kallar panskandinavisk familieterapi.

Den heilage treeininga

– Det har ikkje vore særleg hipt å snakke om nordisk forbrødring dei siste åra. Er det i ferd med å snu.

– TV-serien Skam synte meg at det var mogleg å gjere det hipt.

Ho seier at Skavlan òg har hatt mykje å seie, fordi han lykkast med å skape ein svensk-norsk samfunnsdebatt. Nordic noir, med TV-seriar som Broen, har gjort sitt for samkjensla, med sin medvitne strategi om å bruke svenskar og danskar både framfor og bak kameraet. Noko har vore i endring i måten kulturlivet i dei tre landa relaterer seg til kvarandre på. Korona har gjort oss meir like oss sjølve, meiner ho, berre fordi vi heilt fysisk har måtta halde oss meir i ro saman med våre næraste. Skavlan, Skam og korona, altså. Den heilage treeininga for sniknordifiseringa av åndslivet.

– Korona har gjort meg meir vestlending, meir nordmann, meir nordisk, meir europeisk, av heilt konkret å måtte halde meg heime.

Ytringsfridomen

Eg drog på heimebesøk til Hilde Sandvik for å spørje korleis ho synest det står til med det generelle ordskiftet denne merkelege hausten i 2020. Der var kjøkenbordet omgjort til eit heime­snikra podkaststudio, der ho sat og førebudde ei sending i samband med at det var 15 år sidan Jyllands-Posten trykte Muhammed-teikningane og eit lite helvete braut laus. Ein mikrofon stod midt på bordet, mellom høge bunkar av bøker og sirleg utklipte kronikkar om bruduljane, som vi kallar karikaturstriden, og som kanskje meir enn noka anna sak tidlegare gjorde at alle offentlege intellektuelle her til lands, i alle fall tilsynelatande, melde seg inn i ein av to leirar: kulturrelativistane eller ytringsfridomsfundamentalistane. Sandvik sokna til dei sistnemnde.

– Eg synest det er rart at ikkje fleire har eit sterkt prinsipielt forhold til ytringsfridomen, at dei vågar å slumse med det. Det har eg rett og slett problem med å forstå. Kanskje har det å gjere med at eg kjem frå ein kristen heim. Eg har ikkje berøringsangst når det gjeld religionskritikk.

For henne er det heilt soleklart ein vesentleg kamp å ta.

– Så når vi no ser at fleire og fleire ser på ytringsfridom som ein ideologi for den styrande klassen, for eliten, så kjenner eg at eg vert avmektig inni meg. For utan ytringsfridomen hadde ein ikkje hatt arbeidarrørsla, kvinnefrigjering, rettar for homofile eller oppgjeret med rasismen. Ingenting av det ein har oppnådd, hadde vore mogleg om ikkje det hadde vore ein kamp om å få tale. Grunnleggande sett er det det det handlar om for meg. Om å halde dei dørene vidopne og samtidig kunne snakke om det som er vanskeleg. Både om rasisme og om reelle angrep på ytringsfridomen.

Og då, meiner ho, er det formålstenleg å samanlikne seg med dei som står oss nærast.

Rasjonelle svenskar

– Det skjer enormt mykje spanande rett over kjølen.

Ho fortel om kor tilfredsstillande det er å kunne samanlikne korleis ulike saker har utvikla seg i dei ulike skandinaviske landa. Metoo i Danmark, til dømes, som no har kome i gang på grunn av ei sak som ein kan samanlikna med Søviknes-saka i Noreg – justisminister Jeppe Kofod hadde sex med ei 15 år gamal jente. Slik kan ein betre forstå både det norske og det danske samfunnet.

– Og sjå berre på korleis den danske statsministeren har møtt koronaen. Ho har oppført seg som ein prest. Danmark har ein lang tradisjon for diktarprestar, og det er den rolla ho har tredd inn i, som ei blanding av prest og commander in chief.

Hilde Sandvik synest det er enormt interessant.

– Det seier så mykje om Danmark. Og så har ein dei rasjonelle svenskane som vel seg ein stats-epidemiolog som fremste talsperson under pandemien. Folkehelseinstituttet kan ikkje instruere Høie, det seier Høie sjølv, men Tegnell kan i kraft av embetet instruere ein minister.

Embetsverket har ein annan posisjon i det svenske, men det har også trua på eigen kompetanse.

– Medan Noreg er mest stolt av eigen kultur, er svenskane stolte av kompetansen. «Ni har en kultur, en identitet, en historia, någonting som binder ihop er. Och vad har vi? Vi har midsommarafton och sådana töntiga saker», som dåverande integrasjonsminister Mona Sahlin sa til ei tyrkisk avis i 2002. Kompetansen, derimot, tøysar ein ikkje med.

Hilde Sandvik seier at ho har vore i mange diskusjonar med svenskar der dei svarer på kritikk med setninga «jo men det er jo så».

– Dei trur at vi heng etter, at vi berre ikkje har forstått det enno, men slik er det jo ikkje. Vi har eit meir robust debattklima, med breiare perspektiv. Mellom anna fordi organisasjonen Fritt Ord har ein så sterk posisjon.

– Kva er det med den svenske tenkemåten som gjer dei så arrogante?

Som svar viser ho meg eit bilete av ei innskrift gravert i store gullbokstavar i aulaen på Uppsala universitet: «Tänka fritt är stort men tänka rätt är större».

Eg gremmest. Sitatet er perverst, det gjer at eg får mistanke om at svensk humaniora er endå meir dyster og krakilsk enn eg har hatt inntrykk av.

– Men kvar brenn det her i Noreg, slik du ser det? Kva er det som truar ytringsfridomen her?

– Eg meiner at ytringsfridomen er utfordra på fleire frontar. Politikarane har fendra seg inne bak rådgivarkorps og konsulentar. Vi har svakare vern av arbeidstakaren. Og ein aukande cancel culture, altså ein kanselleringskultur der arrangement som er kontroversielle, vert avlyste.

Hilde Sandvik fortel om ei utstilling i Nederland ho nyleg vitja som vart fjerna fordi nokre internett­aktivistar som aldri hadde sett utstillinga, meinte at ho var kvinnefiendtleg. Ho hadde sett utstillinga og syntest ho var kjempespanande. Kunstnaren hadde nytta algoritmar for å lage tilsynelatande fotografiske bilete av andletet til kvinner som ikkje faktisk finst, og tapetsert ein skatehall med dei, slik at andleta gradvis vart flerra opp av at folk rulla over dei.

Verket utløyste ein skitstorm i sosiale medium som enda med at skomerket Nike – som hadde noko med finansieringa å gjere – kravde at utstillinga vart fjerna. Ingen av demonstrantane var villige til å gå inn i ein debatt, berre ytre seg gjennom sosiale medium med krava sine. Presset var nok til at utstillinga vart tatt ned.

– Den kombinasjonen av marknadskrefter og sosiale medium er eit aukande problem, seier Sandvik.

– Vi her i Noreg kan framleis finne ein annan måte å snakke om desse problemstillingane på. Vi kan finne ein måte å snakke på som gjer det mogleg å ta andre val enn dei som blir tatt i USA. Men vi står overfor kjempestore utfordringar.

Generaliseringar

Det som får Norsken, svensken og dansken til å fungere såpass bra, er det same som gjer vitsane med same namn morosame: Dei avslører sanningar gjennom ein leik med klisjear og generaliseringar. Analysane deira er ikkje skarpare enn det ein kan finne andre stader, men ved å tillate seg å psykologisere tre nasjonar, over ein låg sko, har dei skapt eit fruktbart forum for å leike med sveipande store penselstrøk i sine bilete av tre trass alt relativt like samfunn. Panelet leverer. Åsa Linderborg gjer seg til nordmenns draumesvenske ved å vere motstraums i Sverige på ein måte som får henne til å verke meir som oss. Ho er ein svenske som smigrar norsk sjølvkjensle. Sjølv er eg mindre imponert av Hassan Preisler, med si omvendingsforteljing om korleis han gjekk frå å vere fanatisk antirasist til brått, midt i si eiga flammande førelesning, der han stod og skreik om at dei kvite danskane måtte byrje sjå dei mørkhuda som individ, innsåg at han hadde vorte hjernevaska av ei sekt som såg verda i svart-kvitt. Denne forteljinga, som gjer han til eit perfekt utlendingsalibi for andre kritikarar av PK-kultur, kjennest litt billeg, litt lite truverdig og ikkje særleg interessant.

Lite jålete

Eg har hatt ein teori om at Hilde Sandvik er ein av våre minst nevrotiske offentlege intellektuelle. Det vart eg endå meir overtydd om då eg sette meg ned for å skrive ut dette intervjuet – eit intervju som ho har vist null interesse for å følge opp eller sitatsjekke, noko eg aldri har opplevd før. Ikkje har ho bedt om å få sjå bileta eg tok av henne heller. Ho berre opna døra til heimen sin for meg, lét meg sitte ved kjøkenbordet og høyre på henne, for så å sleppe meg ut igjen, tilsynelatande heilt likegyldig til korleis eg framstilte henne i avisa.

– Kan eg få ta bilete av deg her framfor senga i stova? Det er så fint lys. Eller vert det for intimt, kanskje?

– Nei då, det går sikkert bra, den senga er uansett ikkje særleg privat.

Dette opne og leikne gjer henne til ei litt annleis kraft i ordskiftet, tenker eg, når eg høyrer henne snakke så direkte og lite jålete med dei to makkerane sine på radioen, eller når eg ser henne ramle rundt i fargeglade klede, ei solbrun blondine i tøffe joggesko, lattermild. Som samfunnsanalytikarar føretrekk eg folk med stil og sans for humor, for utan eit visst grep om det tragikomiske og det iscenesette trur eg ein lett kan gå seg fast i feil detaljar når ein freistar diagnostisere samtida. Det er denne lette stemninga og viljen til å generalisere og å psykologisere som gjer Norsken, svensken og dansken til eit bra døme på korleis ein kan innreie eit laboratorium for kulturell sjølvrefleksjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg har ikkje berøringsangst når det gjeld religionskritikk.

Hilde Sandvik

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis