Bok

Siste ord er (kanskje) ikkje sagt

Det er ikkje sikkert at Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen blir den siste frå Dag Solstad. Men skulle det skje, er han nøgd med å ha avslutta karrieren slik.

Dag Solstad har skrive den tredje romanen med Bjørn Hansen som hovudperson.
Dag Solstad har skrive den tredje romanen med Bjørn Hansen som hovudperson.
Publisert

Tjuefem år etter Ellevte roman, bok atten og ti år etter oppfølgjaren 17. roman har Dag Solstad henta fram igjen kemneren frå Kongsberg, Bjørn Hansen, som av uklare grunnar frivillig sette seg i rullestol og ville spele lam for resten av livet. Men falskneriet blei avslørt og lønt med fengsel. No lever 77-åringen eit stille og einsamt liv på Grønland i Oslo medan han ventar på døden. Men før døden kjem sonesonen Wiggo, som skal studere litteratur og blir innlosjert hos bestefaren i det tronge eittromshusværet hans.

Den som trur at Solstad har forelska seg i Bjørn Hansen, sidan han har skrive tre romanar om han, tek feil. Det var eit reint tilfelle at det blei ei bok nummer to, og i den nye boka kunne han like gjerne ha nytta ein annan av hovudpersonane sine, T. Singer, seier han sjølv.

– Å velje Bjørn Hansen og hans spekulasjonar over eiga fortid, trur eg likevel kan ha gitt meir enn tilsvarande spekulasjonar om T. Singer ville gitt. At kemneren framleis er med meg, heng saman med at eg i 2009 hadde den ideen at forfattarskapen min eigentleg var avslutta. Dermed stod eg fritt til å skrive som eg ville og til å sleppe fram ein av mine tidlegare personar i ei ny bok, noko eg hadde vore strengt imot før.

– Følte du at det var noko du ikkje hadde fått sagt i dei to førre bøkene?

– Ja, det ser eg no, men ikkje då skrivinga tok til. Slik var det også i bok nummer to. Men i arbeidet med den nye blei dette berre forsterka, for no er livssituasjonen hans endå nærmare endeløysa.

– Kan du setje ord på kva du ikkje hadde fått sagt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement