Festspel

Samlande motsetnader

Litteratursymposiet i Odda feirar femten år og held på den gjennomtenkte, avslappa stilen.

Odda. Ein plass mellom kultur og industri.
Odda. Ein plass mellom kultur og industri.
Publisert Sist oppdatert

«Ka e det med Odda?» var temaet for eit litteraturarrangement i Odda i 2002, inspirert av det same spørsmålet stilt av Arvid Bryne i Dagbladet. Dette arrangementet løfta fram skribentar og forfattarar frå Odda og førte i sin tur til utviklinga av litteratursymposiet, ein festival som starta i det lokale, og som med åra er blitt ei nasjonal hending. Symposiet kan sjå tilbake på tema som kjærleik, smuss, bråk, kompis og døden.

Eg veit ikkje, men eg synest ein festival som klarer å sy program rundt tema som «smuss» og «bråk», som seier «kompis», ikkje «venskap», og i alle fall ikkje det bergenske «tjommi», fortener eit liv. Symposiet i Odda har alltid gått sine eigne vegar, ikkje trassig, berre avklart, med seg sjølv. Dei prøver aldri å tekkast nokon. Heimstaddikting, arbeidarlitteratur og klassereise har vore viktige stikkord, men utover det tenker dei både nytt og gamalt alt etter kva som passar dei.

I år var temaet jubileum, sidan festivalen er konfirmant. Det er ikkje eit særskilt samlande tema, kan ein seie. Skal ein då påstå at programmet sprikte? Nei, ikkje meir enn rimeleg er. Program skal sprike. Det kjem an på kva for forteikn det sprikar med.

Arkitekt Susanne A.M. Urban kom reisande frå Røldal med verdas minste litteraturutsal frå verdas minste litteraturhus, BokBua. Nokre få bøker fekk plass på eit lite bord utanfor Sentralbadet Litteraturhus. BokBua er ein omplasseringsheim for brukte bøker, som «plutselig er open», og Urban lagar gjerne bokpakker med forfattarar og sjangrar ein ikkje knyter til kvarandre.

Festivalen sjølv er ei bokpakke med uventa innhald og samanhengar. Det er mellom anna dette som «er» med Odda: Den naturlege samanhengen mellom det lokale, som ein er stolt av og vil halde fram, og det universelle og politiske. Høgt og lågt. By og land. Smalt og breitt. Det er ikkje ein festival som underbygger «det spennande» i motsetnadene, men som berre godtar at dei er der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement