Samar, rasisme og kapitalisme
I åra då urfolk blei gjorde til utstillingsobjekt i Europa og USA, blei nærmare 400 samar stilte ut. Men Hugo Lauritz Jenssen har ikkje funne eit einaste døme på at dei blei tvinga inn i raritetsrolla.
Samtidig framstilling av «Mr Bullock’s Exhibition of Laplanders», i Egypt-salen på British Museum i 1816.
Journalist og forfattar Jenssen meiner at samane reiste ut av fri vilje, men dei visste ikkje alltid kva dei reiste til. Informasjonen var oftast mangelfull og skeiv, og vilkåra dei blei bydde, kunne vere så ymse. Dette går han nærmare inn på i En samisk verdenshistorie, med undertittelen: «Hvordan et arktisk urfolk erobret verden, kolliderte med rasismen og blandet blod med kapitalismen».
– Kva er det som kvalifiserer denne boka til tittelen «verdshistorie»?
– Det er ein replikk til den tradisjonelle framstillinga om nasjonar og imperium, statsmenn og nasjonsbyggjarar og konfliktar mellom nasjonar. Eg tenkte det måtte gå an å skrive ei kultur- og individbasert verdshistorie.
Forfattaren har alt rokke å få det han sjølv kallar eit «karakterdrap» av Bernhard Ellefsen i Morgenbladet. Han skuldar Jenssen for «kunnskapstyveri» og plagiat. Han meiner at Jenssen i stor grad byggjer på det epokegjerande arbeidet til arkeologen Cathrine Baglo, utan å gi henne den krediteringa ho skal ha, og at han ofte legg seg for tett opp til teksten hennar. Dessutan skal han ha nytta mange av bileta i boka hennar.
– Baglo er ei hovudkjelde for boka mi, og eg viser til publikasjonane hennar fleire stader i hovudteksten og gir henne honnør for arbeidet ho har gjort. Dessutan refererer meir enn femti notar i boka til Baglo. Og berre sju av bileta i Baglos bok er med i mi bok, og fleire av desse går inn i den samiskhistoriske kanon, som knapt er til å komme utanom, seier Jenssen.
– Eg har nytta ei rad kjelder, som alle er gjorde greie for. I tillegg har eg gått gjennom ei mengd nordiske, tyske, franske og amerikanske aviser for å få augeblikksskildringar av det som har skjedd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.