Rimsmed med bodskap

Slampoeten Ánná Káisá Partapuoli, årets unge kunstnar ved urfolksfestivalen Riddu Riddu i helga, vonar ho vil slå gjennom som samisk poet.

– Den samiske identiteten er mykje sterkare hos samisk ungdom no enn han var før, seier Ánná Káisá Partapuoli, årets unge kunstnar.
– Den samiske identiteten er mykje sterkare hos samisk ungdom no enn han var før, seier Ánná Káisá Partapuoli, årets unge kunstnar.
Publisert

Sjølv om ho meiner at samane, især dei unge, har fått det mykje betre i løpet av den korte levetida hennar, er det ikkje like enkelt for alle. Dei som hentar inntekta si frå reindrift, slik familien hennar gjer, kjenner seg hetsa og uglesett av majoritetssamfunnet. Dei føler seg som Nord-Noregs romar når dei slår opp lavvoen.

Den 23 år gamle poeten har vakse opp i Skånland i Sør-Troms og Soppero i svensk Lappland. Ho snakkar både norsk og svensk, men kjenner seg verken som det eine eller andre, berre som same. Familien hennar bor i Noreg med dyra om sommaren og i Sverige om vinteren.

– For oss har ikkje riksgrensa noko å seie. Det kjennest meir som eg er i utlandet når eg er i Oslo, enn når eg er i Sverige.

No studerer ho i Tromsø, målet er å bli lektor om tre år. For tida held ho på med matte, biologi og samisk språk.

– Du har òg studert ved Musikkhøgskulen i Oslo?

– Eg ville bli kantor, men gav meg etter to år. Når eg er ferdig lektor, kan eg undervise i musikk òg. Eg spelar framleis orgel, og piano. Dessutan fløyte, tuba og gitar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement