Kommentar

Smil – du er i offentleg sektor

Elevar, lærarar og offentleg tilsette blir hengde ut i sosiale medium. Gjer vi nok for å hjelpe dei?

Ein elev filmar ein lærar og to medelevar med mobilen.
Publisert Sist oppdatert

Er du rasist, spør ein elev medan ho filmar meg med mobiltelefonen sin.

Det er oktober 2024, tredje økt, tysk ved ein vidaregåande skule i Oslo. Der har eg jobba i tre år. I løpet av denne tida har eg blitt van med å be elevar legge frå seg mobilen og følge med. Stort sett gjer dei det, nokre gongar ikkje. Men i dag skal eg oppleve noko nytt.

Det er uro i klasserommet. Ein elev går inn og ut av timen som han vil. Ein annan glor i mobilen medan eg underviser, medan eit par i det bakarste hjørnet snakkar høgt i munnen på meg. Eg er kjend med rutinane: Først ei venleg oppmoding om å ikkje forstyrre medelevane, deretter skarpare lut. To elevar får merknad for dårleg oppførsel, dei to siste ei siste åtvaring. Det går som det måtte gå – det endar med fire merknadar denne dagen. Men når elevane får melding om det, er det fram med mobilen. To av elevane har innvandrarbakgrunn. No vil dei filme timen for å syne at eg er rasist. Grunnen? Dei fekk merknad for å bråke i timen.

Det hjelper ikkje at eg fortel dei at eg var med på å arrangere demonstrasjonstog mot rasisme då eg var på deira alder – eller at eg først gav merknad til to elevar med etnisk norsk bakgrunn. Videoen vil elevane sende til rektor og kollegaer, deretter laste han opp på TikTok. Utan kontekst, vil eg tru.

Digital unntakstilstand

Såpass veit eg, for dette er ikkje første gongen eg er blitt filma og lagd ut på sosiale medium utan samtykke. Då eg var i eit vikariat ved ein annan skule, spurde ein elev meg truskuldig om eg var «han læraren frå TikTok». Merkeleg nok, for eg har aldri hatt appen. Kanskje sikta han til hendinga der ein elev filma meg medan han ropte «hald kjeft» til meg i pausen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement