Reportasje
Gubbatreff i Hardanger
Kvar tysdag klokka 11.00 møtest karar frå Hardanger på ein kai ved fjorden for å snakke om kjensler og mannsrolla. Nei då! Men elles var det meste tema på treffet denne veka.
Litt skeptiske er dei når pressa er til stades, men vanlegvis flyt praten fritt og usensurert mellom gubbane som samlast i båthamna på Sekse i Hardanger.
Foto: Hallgeir Opedal
Det er ein slik hustrig vestlandstysdag i desember. Tåka heng i dottar over den spegelblanke Sørfjorden, det er åtte varmegrader og yr. Mot vest har fjelltoppane ei tynn breisle av nysnø, men her nede ved fjordkanten sprikjer frukttrea svarte og nakne i grønbrune bakkar.
I mai er Sekse eit blomstrande prospektkort. No er det grått mismot.
Men der slamrar det i bildører, og ned båtslippen kjem dei innpakka i stillongs, ull, fleece og termodressar, og i hendene held dei om kaffitermosar og sitjeunderlag. Der kjem Jakob Midtun, som er 90 år og eldst, og som dreiv butikken inne på Hovland i 35 år. Der kjem Inge Albert Børve i blå termodress, han er yngst, 69, og har arbeidd i industrien inne i Odda, og der kjem Tomas Sekse med krykker, og får hjelp til å bere brettet med vaflane som kona hans Kirsten har steikt.
Der kjem Johannes H. Sekse, lærar og journalist, og saman med han drengen Ole Vikre, Libanon-veteran og kokk. Elles er dei pensjonerte fabrikkarbeidarar, fruktdyrkarar, sauebønder, sjømenn, det er ein bygningsingeniør, ein kraftingeniør, ein forsikringsmann og ein postmann, ja, det var vel alle. Til saman tretten gubbar. Framføre seg har dei halvannan til to timar med fri drøs, kaffi, vaflar og uforpliktande samvær under halvtekkja i båthamna på Sekse i Ullensvang.
– Kva sa du?
– Eg prøvde å finne ut kor tid vi byrja med dette her, seier Johannes Sekse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.