Økonomi

Meiner Noreg framleis er egalitært

Alt i alt er det bra at fleire blir rikare og kan investere meir, skriv Civita-leiar Kristin Clemet.

Publisert Sist oppdatert

Dag og Tid skreiv e-post til Kristin Clemet, leiar for tankesmia Civita, og bad om om nokre kommentarar til denne saka.

– Ifølge Kapital var det 479 norske milliardærar i fjor, opp frå 159 i 2007. Tyder ikkje dette på at Noreg er eit svært bra land for den som vil bli rik?

«Premisset i spørsmålet er ikke helt riktig. Over halvparten av den totale formuen på Kapitals liste er nå kontrollert fra utlandet, og denne andelen er økende, antagelig fordi flere flytter ut», skriv Clemet.

«For formuer over 250 millioner kroner er over 90 prosent investert i næringsvirksomhet. De som har størst formuer, bidrar også mest til sysselsetting, verdiskaping og selskapsskatt. Så alt i alt er det bra at flere blir rikere og kan investere mer. Det er mulig å bli rik i Norge, men vi burde være mer opptatt av hva man kan bli rik av – og hva man ikke kan bli rik av. Så lenge rikdom er ensbetydende med bedrifter, arbeidsplasser og skatt, burde vi interessere oss mer for det.»

Små skilnader

Kristin Clemet er ikkje samd i at den rikaste prosenten av befolkninga har fått ein stadig større del av formuen i Noreg, slik mellom anna Perspektivmeldinga frå 2024 tydde på. Ho viser til statistikk frå Statistisk sentralbyrå som syner at formueandelen til dei 0,1 prosent rikaste i Noreg har gått både opp og ned dei siste 15 åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement