Samfunn

Den fyrste freistnaden på å skapa demokrati i Russland

For 200 år sidan forsøkte ei gruppe med unge adelsmenn å gjera revolusjon i Russland. Forsøket slo feil, men minnet om hendingane i desember 1825 lever framleis.
 

«Dekabristar på Petersplassen» måla av Georg Wilhelm Timm, 1853.
Publisert Sist oppdatert

Det er tidleg om morgonen den 26. desember 1825. Ei gruppe med offiserar, mange frå dei fremste adelsfamiliane i Russland, er i hektisk driv: Dei freistar å mobilisera så mange som mogleg av dei militære regimenta i St. Petersburg. Målet er å avsetja den påtroppande tsaren, Nikolaj I, og innføra konstitusjonelt styre. Russland skal bli eit land styrt etter lov og rett, ikkje etter innfalla til éin mann.

I Vinterpalasset, maktsenteret i Russland, er det ikkje mindre hektisk. I fleire dagar har Nikolaj frykta at ein freistnad på statskupp er i emning. Gjennom eit heilt døgn har han forsikra seg om støtta frå dei militære. Planen er at alle militære einingar om morgonen denne dagen skal sverja truskap til han. Når alle livgarderegimenta i St. Petersburg står på hans side, vil det varsla statskuppet falla dødt til jorda, tenkjer den nye tsaren.

Kaoset veks

I utgangspunktet har dei revolusjonære ei god sak. Den førre tsaren, Aleksandr I, var død i det fjerne Taganrog ved Azovhavet meir enn tre veker tidlegare. Han hadde ingen son til å fylgja seg. Den neste til å arva tittelen som sjølvherskar over heile Russland er den eldste broren hans, Konstantin Pavlovitsj, øvstkommanderande for dei russiske militære styrkane i Polen. Problemet er at Konstantin ikkje vil bli tsar, av årsaker som korkje den gongen eller i dag er heilt klare.

Medan brev blir sende fram og tilbake mellom St. Petersburg og Warszawa, veks kaoset og uvissa i imperiet. Ikkje sidan byrjinga på 1600-talet har Russland i så lang tid vore utan ein herskar. Uorden tek til å breia seg i riket. Til slutt finn veslebroren til Konstantin, Nikolaj Pavlovitsj, ut at han må ta makta og bli den nye tsaren. Det skal skje på den 26. desember 1825 etter den vestlege, gregorianske kalenderen, eller den 14. desember etter den julianske kalenderen som Russland fylgde den gongen.

Uavgrensa makt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement