Pengar til kulturJorun Marie Kvernberg vert heidra av heimefylket.FolkemusikkJon Hustadjon@dagogtid.no

Jorun Marie Kvernberg vert heidra av heimefylket.

Kvernberg turnerer verda over. Her held ho konsert i Gdansk.
Kvernberg turnerer verda over. Her held ho konsert i Gdansk.
Publisert

Kultur- og folkehelseutvalet – eit interessant namn – i Møre og Romsdal vedtok onsdag å tildele kunstnarstipend for 2018 til åtte kunstnarar. Totalt vart det delt ut 600.000 kroner. Stipenda skal vere med på å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke, fortel Møre-Nytt. Og grunnen til at Møre-Nytt fortel dette, er at felespelaren Jorun Marie Kvernberg som bur i Volda, har fått eitt av dei åtte stipenda.

Den etter kvart nokså kjende folkemusikaren som mellom anna speler i Majorstuen, har fått heile 80.000 kroner.

Kvernberg er opphaveleg frå Fræna i Romsdal og kjem frå ein familie med musikarar. Ho er syster til jazzfiolinisten Ola Kvernberg og barneborn av folkemusikk-komponisten Peter L. Rypdal, som komponerte brudemarsjen «Eit sommarbryllaup».

– Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement