Paragrafar for diktekunst

1934: Går det på personvernet laus i diktekunsten, er det truleg ikkje jussen som er for sterk, men fiksjonen som er for svak.

DEN UNGE. «Friheten som ventet utenfor på jordene – hun var så glad for altsammen, så hun kunde knapt holde ut å være så glad –.» Slik slutta Undset romanen om sitt unge liv.
DEN UNGE. «Friheten som ventet utenfor på jordene – hun var så glad for altsammen, så hun kunde knapt holde ut å være så glad –.» Slik slutta Undset romanen om sitt unge liv.
Publisert

Mykje blir dikta som ligg forfattaren nær. Éin ting er å bruke opplevingar og erfaringar. Noko heilt anna er det å dikte forteljingar som kan lesast som nøkkelromanar. Franske Madeleine de Scudéry på 1600-talet har fått æra av å bli rekna som den første forfattaren av slike verk, og på engelsk er faguttrykket enno fransk: roman à clef.

Nøkkelromanar handlar gjerne om offentlege personar. I den sjølvbiografiske romanen står diktaren sjølv i sentrum. Forfattarnær dikting vil lett involvere personar i familie og omgangskrins. Heile tida handlar det om at diktarane i større eller mindre grad skildrar menneske som lever eller har levt.

Sigrid Undset (1882–1949) hadde fått sin nobelpris og var på veg til å avslutte forfattarskapen då ho gav ut den sjølvbiografiske romanen Elleve år i 1934. Faren døydde frå henne nettopp då ho var 11 år, og Undset verna minnet gjennom ei vakker barndomsskildring, Som den utsøkte prosakunstnaren ho var, gjorde ho det utan å bli møtt med skuldingar om utlevering eller overtramp.

I vestlege demokrati har det gått greitt å dikte forteljingar om profilerte og makthavande personar, levande eller døde. Verre blir det når folk som ikkje har oppsøkt det offentlege rom, finn seg eller pårørande att i diktverk. Det ein Aksel Sandemose kunne sleppe unna med i 1930- og 40-åra, blir vurdert annleis no. Den gongen var der inga utbreidd forståing av menneskerettar og personvern, og der var ingen ver varsam-plakat for pressa. Omsynet til tredjepart står uendeleg mykje sterkare. Kunstens rom for kritikk av makt kan ikkje avgrensast, men den jamne borgar har eit personvern som ikkje utan vidare kan overprøvast av ein upåliteleg eg-forteljar.

Difor er det blitt viktigare enn før korleis diktarane formar universa sine. I den skjønnlitterære teksten formar diktaren ei mogleg verd, og det er opp til diktaren å gjere dette slik at lesaren godtek fiksjonen, anten lesaren gir tilslutning eller ikkje. I ei slik dikta verd kan kva som helst skje, ikkje berre i science fiction, men også i jordnær prosa.

Går det på personvernet laus, er det altså truleg ikkje jussen som er for sterk, men heller fiksjonen som er for svak. Risikoen aukar når jamt fleire diktar om sine nære ting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement