Musikk

På veg mot sjølvutslettinga

Leif Ove Andsnes vil helst utslette seg sjølv som musikar, slik at verket kan stå fram som noko uunngåeleg. No er det Mozart som skal hjelpe han dit.

Leif Ove Andsnes i aksjon med Mahler Chamber Orchestra under Beethoven Journey-serien. No står Mozart for tur.
Leif Ove Andsnes i aksjon med Mahler Chamber Orchestra under Beethoven Journey-serien. No står Mozart for tur.
Publisert

Etter å ha komme til hektene etter den fireårige Beethoven Journey (2012–2015), med konsertar i alle verdsdelar og fleire plateinnspelingar, er den bergensbusette meisterpianisten Leif Ove Andsnes i gang med sitt Mozart Momentum. Også her er det tale om eit svært program, om enn ikkje like omfattande, med konsertar i ei rad land og produksjon av to doble CD-ar. Som i Beethoven-serien har han det framifrå Mahler Chamber Orchestra (MCO) som musikalsk samarbeidspartnar.

Utgangspunktet for Mozart Momentum er at Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) endra sjølve sjangeren klaverkonsert i åra 1785–86. For Andsnes representerer desse konsertane, nummer 20–24, eit musikalsk høgdepunkt, og denne forvandlinga ønskjer han å fordjupe seg i.

Utviding

– Alt med dei seks konsertane i 1784 er utviklinga i gang, ved at Mozart byrjar å gjere endringar i forholdet mellom solisten og orkesteret, seier Andsnes.

– Gradvis utvidar han orkesteret dei to neste åra, med fleire blåseinstrument og paukar, samstundes gir han solisten ei friare rolle. Klaverkonsert nr. 20 er hans første klaverkonsert i moll, noko som var høgst uvanleg på den tida. Her er det ikkje berre tale om å underhalde; konserten tek til med rastlause tonar og gir slik ei kjensle av at noko står på spel. Men etter orkesterintroduksjonen kjem solisten inn med musikk av ein heilt annan karakter, ei melodisk linje som bryt med det føregåande.

Dette er første gong i musikkhistoria at ikkje solisten følgjer opp det temaet orkesteret har presentert, påpeikar Andsnes.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement