Samtalen

Eit land der mange kjenner kvarandre

Det har aldri vore satsa skikkeleg på å førebygge korrupsjon i Noreg, seier Guro Slettemark i Transparency International.

Arbeidarpartileiar Thorbjørn Jagland blir gratulert av Terje Rød-Larsen på 50-årsdagen i Folkets Hus i Oslo år i november 2000. No blir båe etterforska for korrupsjon.
Publisert Sist oppdatert

Epstein-skandalane rullar og går, og Økokrim skal etterforske tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland og dei kjende diplomatane Mona Juul og Terje Rød-Larsen for korrupsjon.

Guro Slettemark er generalsekretær i Transparency International Norge (TI), ein organisasjon som arbeider for å førebygge korrupsjon.

– Du har som oppgåve å vere mistenksam, men hadde du sett for deg at skandalar som desse var moglege?

– Sjølvsagt er det mogleg. Vi har sett liknande saker i andre land. Det har til dømes vore store saker om korrupsjon i Europaparlamentet og i parlamentarikarforsamlinga til Europarådet. Men i Noreg går vi rundt og trur at det som skjer i andre land, ikkje kan skje hos oss.

– Er det nokon særtrekk ved UD-systemet og arbeid på internasjonale arenaer som opnar for korrupsjon?

– Det har vore mykje snakk om «alminneleg diplomatisk» arbeid i samband med Epstein-sakene. Og det kan vere ein del gråsoner i dette landskapet. Difor er det ekstra viktig å vere merksam, og tenke gjennom kven ein pleiar kontakt med og for kva føremål. Men å berike seg sjølv har ingenting med normalt diplomatisk arbeid å gjere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement