På rette sida av ironien

Gamle segner, kjærleik, sjalusi og død er sentrale element i den nye romanen til Lars Mytting. Men Søsterklokkene handlar òg om uår, store standsskilnader og overtru, som forfattaren ikkje heilt vil avvise.

Den fjerde romanen til Lars Mytting går føre seg i ei oppdikta bygd i Gudbrandsdalen i åra 1880–81.
Den fjerde romanen til Lars Mytting går føre seg i ei oppdikta bygd i Gudbrandsdalen i åra 1880–81.
Publisert

Forfattaren av den utrulege boksuksessen Hel ved (2011) held seg til brennbart tre, no i form av ei gammal stavkyrkje. For tre er bygningsmaterialet her i landet, og det set oss i direkte kontakt med det forgjengelege. Det ligg ei spenning i det materialet, meiner han.

Bøkene hans er til no selde i over 1,1 millionar eksemplar og omsette til 18 språk. Hel ved står sjølvsagt for mykje av dette, men oppsiktsvekkjande nok har den førre romanen hans, Svøm med dem som drukner (2014), selt betre her i landet enn vedboka.

– Har du noka forklaring på suksessen?

– Hadde eg visst det, ville ikkje bøkene mine hatt den uskulda dei har, som gjer dei interessante. I staden er dei fire romanane mine svært ulike. Suksessen kan ha å gjere med at eg tilbyr mange lesarar ein taktilitet, ein nærleik til det fysiske. Men noka god forklaring har eg ikkje. Eg er nok meir oppteken av den fysiske verda enn mange andre som skriv, korleis eit handverk og eit arbeid syner draumar, vilje og evne hos ein person. Det mange oppfattar som daude ting, ser eg som heilage objekt, dei ber i seg noko ekstra. Eg ser mennesket bak.

– Det tekniske, anten det gjeld bilar, våpen, skogsverktøy eller stavkyrkjekonstruksjon, har visst stor appell til deg?

– Eg er vanvitig oppteken av å finne ut av ting, og det fort. Så synest eg det er eit verdfullt innslag i ein roman, for vi fyller jo ikkje liva våre berre med mentale vandringar og samtaler. I fritida er vi i kontakt med den sida av oss som vil byggje, skape. Denne stadige trongen til å utvikle er ein grunnleggjande eigenskap ved oss menneske. Tilknytinga vår til verda går jo gjennom affeksjon til bilar vi har hatt lenge, hus som har stått lenge, gamle møblar som einkvan har snikra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement