Litteratur
Å vere innvandrar i England og borte frå Zanzibar blei tyngre enn Abdulrazak Gurnah hadde sett for seg. Men ut av det kom stor litteratur om det vesle mennesket i verda.
Abdulrazak Gurnah er i Oslo for å lansere den nye boka si, den første etter at han fekk Nobelprisen i litteratur i 2021.
Foto: Sindre Deschington
Då nobelkomitéleiar Anders Olsson slo på tråden 7. oktober 2021, trudde Abdulrazak Gurnah at det var ein typisk svindeltelefon. Klokka var ti på tolv, og han hadde akkurat tatt ein pause i skrivinga og laga seg ein kopp te på kjøkkenet heime i Canterbury i England.
– Eg stod og lurte på kva eg skulle ete, seier han og reiser seg og viser korleis han opna kjøleskapsdøra og kikka inn.
Sjølv om nummeret var ukjent og utanlandsk, tok han telefonen.
– Eg sa ingenting. Ein mann sa: «Er det Abdulrazak Gurnah?» «Kven er du?» sa eg. «Kva vil du?» Eg var ordentleg brysk. Mannen sa namnet sitt. Det sa meg ingenting. «Eg ringer frå Svenska Akademien. Du har akkurat fått Nobelprisen i litteratur», sa han. «Kva er det slags vrøvl? Kva er det du er ute etter?» sa eg. Han forklarte høfleg at han skulle til å kunngjere utdelinga. «Gå inn på nettsida vår», sa han. Eg trudde framleis ikkje på det. Men eg gjekk inn på nettsida, og der fekk eg sjå han lese opp noko på svensk. Eg høyrde namnet mitt og tenkte: «Det er visst sant.» I same sekund ringde telefonen igjen. Det var BBC. Det ringde i eitt i dagevis.
Ete med kniv og gaffel
Gurnah arbeidde med ein ny roman – den ellevte i rekka – som blei lagd på hylla. Veker og månader blei fylte av intervju og møte. Romanane hans blei trykte opp på nytt og omsette til nye språk. Det var mange avgjerder å ta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.