Litteratur
Ønskjer meir debatt om psykiatrien
Når ein miljøterapeut skriv roman om ein miljøterapeut på ein psykiatrisk institusjon der ho sjølv har arbeidd i mange år, blir det så brennbart at boka må utstyrast med ei erklæring om at alt er fiksjon.
Therese Bakkevoll har studert litterär gestaltning i Göteborg og gått på forfattarstudiet i Tromsø. No kjem den første boka hennar ut på Samlaget.
Foto: Marius Fiskum
Tromsøværingen Therese Bakkevoll måtte bli 47 år før ho debuterte skjønnlitterært. Og då med romanen Tallboy, som er namnet på den bomba dei allierte utvikla for å få has på det tyske slagskipet «Tirpitz» under andre verdskrigen. Men det var ikkje berre kring Hitlers frykta flaggskip det kunne bli eksplosivt, også på dagens Åsgård psykiatriske sjukehus kjem eksplosjonar. I alle høve i den fiktive utgåva av institusjonen.
Røynsler i botn
Med 16–17 år i psykiatrien veit Bakkevoll mykje om livet vi utanfor sjeldan får innblikk i. Eit masterstudium i litterär gestaltning frå det anerkjente HDK-Valand i Göteborg og to år forfattarstudium i Tromsø har lært henne å skape dikting av røynslene sine.
– Eg har sjølvsagt ikkje skrive om pasientar og tilsette på Åsgård, sjølv om eg kallar institusjonen med sitt rette namn. Men materialet er følsamt i og med at eg er tilsett på denne institusjonen, og det er viktig for meg at korkje pasientar eller tilsette får kjensla av at det er dei eg skriv om. Eg kan ikkje styre om nokon likevel meiner å kjenne seg att, men då er det greitt å presisere at karakterane i boka er fiktive.
– Om alt er dikta, ligg vel fagkunnskapen og røynslene dine i botnen?
– Eg har teke utgangspunkt i eit miljø eg kjenner godt, der eg har lang røynsle med ulike pasientar og møte mellom folk. Mange av pasienthistoriene i boka liknar på slike eg har sett eller høyrt eller opplevd. Eg har vore med på at folk har skadd seg, teke ECT-behandling (elektrosjokk) og utagert på ymse vis, seier ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.