Økonomens suksessformel
1946: Særskilt vedlegg nr. 11 til statsbudsjettet 1945–46 skapte eit språkleg paradigmeskifte og endra den politiske tenkinga.
SKUGGESKRIVAREN. Petter Jakob Bjerve var finansminister 1960–63. I 1962 disputerte han som første statsråd for doktorgraden med avhandlinga «Planning in Norway 1947–1956».
Foto: NTB scanpix
Nasjonalrekneskap. Nasjonalbudsjett. Prognose. Importoverskot. Privat konsum. Offentleg bruk av varer og tenester. Sjølvsagde ord i 2019, men i 1946 var dette mest for nyord å rekne, brukte av ein profesjon som også var av nyare dato. Sosialøkonomane var i gang med sin lange marsj gjennom korridorane og institusjonane.
Statsråd Erik Brofoss la fram det første nasjonalbudsjettet og den første nasjonalrekneskapen i statsråd hos kong Haakon 7. den 12. mars 1946. Dokumentet var eit av mange vedlegg til Statsbudsjettet (1945–46). Begge omgrepa var nye og blei difor drøfta i vedlegget. «Dei var nok nye jamvel for forfattaren av innleiinga til stortingsproposisjonen om statsbudsjettet for 1945–46», skreiv forfattaren sjølv mange år etterpå.
Skuggeskrivaren var den 32 år gamle stjørdalingen Petter Jakob Bjerve, nytilsett byråsjef i Finansdepartementet i 1945. Det første nasjonalbudsjettet inneheldt tre alternativ for 1946 og seks for åra 1946–50. Uvissa blei skriven inn i formlar med ulike resultat, så fekk dei folkevalde avgjere.
Arbeidet tok ikkje til på eit nullpunkt. I 1933 la journalisten Ole Colbjørnsen og geografen Axel Sømme fram En norsk 3-årsplan, prega av ideane til økonomane John Maynard Keynes og Ragnar Frisch. Colbjørnsen blei ein framståande planøkonom og var arkitekten bak arbeidarpartislagordet «Hele folket i arbeid». Frisch hadde i 1927 etablert den nye matematiske sosialøkonomien i Innledning til produksjonsteorien. «Knapt noen annen foreleser kunne vel i henrykkelse over egne tankerekker tøye de to oppførte forelesningstimene til en tre timers seanse eller mer», mintest Helge Seip.
Det første nasjonalbudsjettet var på berre 38 sider. Stortingsmelding nr. 10. (1947) Om nasjonalbudsjettet 1947. var på 306 sider. Dei to dokumenta, drøftingane i Stortinget og det som seinare blei sagt og skrive, endra den politiske retorikken i Noreg både som tankar, ord og gjerningar. Den nordiske modellen hadde fått endå ein grunntekst.
I fleire hundreår hadde teologane dominert, 1800-talet høyrde juristane til, og sosial utjamning prega første halvdel av 1900-talet. No skulle det planleggjast, og det blei gjort i hundrevis av stortingsdokument frå skiftande regjeringar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.