Nynorsken styrkte den norske litteraturen

Utan dei nynorske bidraga ville den norske litteraturen vore mindre mangfaldig, både geografisk og i orientering, og hatt færre spenningar, meiner Jan Inge Sørbø, som denne veka lanserte Nynorsk litteraturhistorie.

Jan Inge Sørbø har skrive den nynorske litteraturhistoria.
Jan Inge Sørbø har skrive den nynorske litteraturhistoria.
Publisert

Når Sørbø konkluderer den ruvande boka si med at «nynorsk litteratur er i ferd med å missa førenamnet», tenkjer forfattaren især på at mange i dag les nynorsk litteratur mest utan å merkje at han er skriven på målet. Men han trur òg at det er blitt mindre skilnader i tematikk enn før, og at det han kallar «den nynorske utakten», held på å forsvinne.

– Denne utakten var jo eit argument for å skrive ei eiga nynorsk litteraturhistorie?

– Absolutt, og eg meiner han er spesielt synleg i den tidlege, antiromantiske tendensen vi ser hos Aasen og Vinje. Dei representerte ein utanforskap til det som var sentrale trekk i tida. Eit anna utslag av utakten er når dei nynorske lyrikarane «utset» romantikken og i staden smell til i 1920- åra, med folk som Olav Nygard, Olav Aukrust og Henrik Rytter. Den store nasjonale syntesen og samantenkinga av det religiøse og det nasjonale er dei ganske åleine om i denne perioden.

– Det du kallar «den store romantikken» i nynorsk lyrikk, frå 1905 til 1930, ser du som eit høgdepunkt i nynorsklitteraturhistoria?

– Det er noko heilt eineståande. Dei skriv med eit barokkliknande, fantastisk høgt oppdrive handlag, som skil seg heilt frå kvardagsspråket. Musikaliteten og klangen er makelaus. Det går ikkje lenger an å skrive slik, men det går an å lese det.

Grunngivinga for å skrive historia om den nynorske litteraturen, er ifølgje forfattaren å sjå han som ein eigen tradisjon som til ein viss grad følgjer sitt eige løp. Eit viktig grunnlag for tradisjonen, og for at det blir nynorsk litteratur, er at han fort byggjer opp eit stort nettverk av tidsskrift, aviser og etter kvart forlag, mållag og ungdomslag, ein eigen kultur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement