Nynorsken styrkte
den norske litteraturen
Utan dei nynorske bidraga ville den norske litteraturen vore mindre mangfaldig, både geografisk og i orientering, og hatt færre spenningar, meiner Jan Inge Sørbø, som denne veka lanserte Nynorsk litteraturhistorie.
Jan Inge Sørbø har skrive den nynorske litteraturhistoria.
Foto: Agnete Brun
Nynorsk litteratur
janh@landro.bergen.no
Når Sørbø konkluderer den ruvande boka si med at «nynorsk litteratur er i ferd med å missa førenamnet», tenkjer forfattaren især på at mange i dag les nynorsk litteratur mest utan å merkje at han er skriven på målet. Men han trur òg at det er blitt mindre skilnader i tematikk enn før, og at det han kallar «den nynorske utakten», held på å forsvinne.
– Denne utakten var jo eit argument for å skrive ei eiga nynorsk litteraturhistorie?
– Absolutt, og eg meiner han er spesielt synleg i den tidlege, antiromantiske tendensen vi ser hos Aasen og Vinje. Dei representerte ein utanforskap til det som var sentrale trekk i tida. Eit anna utslag av utakten er når dei nynorske lyrikarane «utset» romantikken og i staden smell til i 1920- åra, med folk som Olav Nygard, Olav Aukrust og Henrik Rytter. Den store nasjonale syntesen og samantenkinga av det religiøse og det nasjonale er dei ganske åleine om i denne perioden.
– Det du kallar «den store romantikken» i nynorsk lyrikk, frå 1905 til 1930, ser du som eit høgdepunkt i nynorsklitteraturhistoria?
– Det er noko heilt eineståande. Dei skriv med eit barokkliknande, fantastisk høgt oppdrive handlag, som skil seg heilt frå kvardagsspråket. Musikaliteten og klangen er makelaus. Det går ikkje lenger an å skrive slik, men det går an å lese det.
Grunngivinga for å skrive historia om den nynorske litteraturen, er ifølgje forfattaren å sjå han som ein eigen tradisjon som til ein viss grad følgjer sitt eige løp. Eit viktig grunnlag for tradisjonen, og for at det blir nynorsk litteratur, er at han fort byggjer opp eit stort nettverk av tidsskrift, aviser og etter kvart forlag, mållag og ungdomslag, ein eigen kultur.
– Den nynorske litteraturen var heile tida ei blanding av «inne» og «ute». Han melder seg inn i somme periodar, og då gjerne med stor tyngde, som då Garborg definerte perioden. Eller det motsette, som Aasen som ikkje vil inn i romantikken, eller Vesaas som ikkje vil vere realist. Denne vekslinga mellom inne og ute er spesiell for nynorsken og heng nok saman med den marginale posisjonen rørsla har.
Utanforskap
I etterkrigsmodernismen er nynorskingane godt representerte. Det passar dei, for modernisme handlar om utanforskap. Ingar Skrede, Tor Jonsson og Olav H. Hauge kjenner seg komfortable med denne rolla. Rett nok lir dei under henne, men dei vil ikkje vere nokon annan stad heller. Etter vendinga i 1960-åra melder nynorskforfattarane seg meir inn i ungdomsopprøret og autoritetskritikken, men det får sin eigen profil tufta på distrikt og dialekt.
– Når kan vi seie at det finst ein nynorsk litteratur og ikkje berre einskilde forfattarar?
– Frå slutten av 1890-talet, vil eg tru.
I boka skriv Sørbø at mellom 1850 og i dag har om lag 1400 forfattarar debutert på nynorsk, helvta etter 1965.
– Kva kjenneteiknar den tidlege litteraturen?
– Typisk er at nye, geografiske landskap og nye dialektklangar kjem inn. Her nyttar eg nemninga «rural realisme» for å komme vekk frå det reduserande uttrykket «heimstaddikting». Ofte er det jo ein brytningsproblematikk i denne litteraturen, mellom ny og gammal tid, by og bygd. Og dette kan vere ganske avansert, til dømes i Vetle Vislie romanar.
Sørbø hadde eit ønske om å lage historia som éi forteljing om eitt språk som brått oppstår. Ingen visste om nokon ville bruke dette språket. Så har ein kunna konstatere at det danna grunnlaget for ein stor litteratur, med ein samanhengande tradisjon.
Det vil truleg overraske mange at ein av dei svært få gongene Sørbø nyttar ordet «meisterverk», gjeld det Ragnvald Vaages siste vaksenroman, Den vonde draumen frå 1953.
– Eg blei svært fascinert av kor langt han går i å peike på det heilt forferdelege i bygdesamfunnet. I forfattarskapen finn du ei utvikling frå romantisering av bygda til ein stadig sterkare realisme.
Gåve til verda
– Kor viktig var den tidlege nynorsklitteraturen for utbreiinga av Aasen-målet?
– Eg trur ikkje denne litteraturen hadde sett dagens lys utan det nynorske organisasjonslivet. Men det var også enormt viktig for den nynorske identiteten at dei hadde store diktarar.
Ein mann som Garborg var heilt avgjerande. Då han tok til å gjere seg gjeldande, var dei i gang med å dele opp språknorma i ulike dialektvariantar. Garborg fekk ei retning på arbeidet, og så leverte han litterære verk som blei tekne alvorleg både i Noreg og Danmark. Hadde ikkje han dukka opp då, ville det vore ein katastrofe for nynorsken.
– Kan ikkje Blix-salmane ha vore like viktige for utbreiinga av nynorsken?
– Jo, både salmane hans og heile det nynorske kyrkjespråket. At dei fekk gudstenester og bibeltekstar på nynorsk, var heilt nødvendig for at nynorsk skulle bli anerkjent som eit høgverdig språk.
I boka peikar Sørbø på fleire spenningar som har følgt den nynorske litteraturen nesten heilt fram til i dag. Som å vere lojal mot målfolket eller utfordre dei, eller religiøse spenningar mellom det grundtvigianske og det pietistiske. Det finst mykje utskjelling av pietistar i nynorsklitteraturen. Men så fanst det òg spenningar mellom desse to religiøse gruppene og dei gudlause fritenkjarane. Så er det ei spenning mellom det moralistisk høgtidlege og det rampete. Spenninga lever vidare i moderne litteratur i form av subversjon, eller undergraving, som då dei tok til å dyrka det karnevaleske i 70-åra.
– Ei spenning som nynorskfolket har slite mykje med, går mellom arbeidarkulturen og bondekulturen, og den nynorske litteraturen har forfattarar som skildrar dette frå begge sider. Det store omslaget kom først med Kjartan Fløgstad, som gjer arbeidarkulturen og industrikulturen til eit hovudtema i nynorsklitteraturen.
Også på barnelitteraturen sitt område ser Sørbø at nynorskforfattarane har skilt seg ut. Han meiner dei var tidlegare ute enn bokmålskollegaane med å ta utgangspunkt i barnet si eiga oppleving. Det tek til med Sivle-sogene, der ligg perspektivet hos han som barn. Og dette følgjer Rasmus Løland sterkt opp kring hundreårsskiftet. Løland blei så etablert at det gjekk an å gå vidare på den tradisjonen, og det var det mange som gjorde. Ein av dei tidlege er Ragnvald Vaage, som har den konsekvente haldninga i barnebøkene sine at borna har rett og dei vaksne er dumme og stygge med dei. Også Halvor Floden har dette perspektivet.
– Dette er nynorskens store gåve til verda, seier Sørbø.
I staden for å utrope dei fire store (mannlege) innan nynorsk litteratur, ber Jan Inge Sørbø oss sjå nærare på fire kvinner som på 1900-talet skapte heilt eigenarta litteratur, og som kvar på sitt vis bidrog til å endre retninga på norsk litteratur: Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam og Eldrid Lunden.
– Holm var den første som skreiv om bygde- og småbrukarlivet frå eit konsekvent kvinneperspektiv, og med eit nesten Amalie Skram-aktig raseri. Det var få som skreiv filosofisk lyrikk på trettitalet, slik som Aslaug Vaa gjorde, og Marie Takvam føregreip politisering og kvinnespørsmål alt på femtitalet, og ho skreiv om livskriser lenge før Knausgård. Og i dikta sine fører Eldrid Lunden inn ei filosofisk tenking om lyrikk som blir svært viktig for generasjonane etterpå.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur ikkje denne litteraturen hadde sett dagens lys utan det nynorske organisasjonslivet.
Jan Inge Sørbø, forfattar
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.