Musikk
Nostalgisk rock and roll i særklasse
Oasis anno 2025 minner meg om den tida då John Major var statsminister og Storbritannia (likevel ...) det kulaste landet på tvers av landegrenser.
Kvart på åtte om kvelden den 7. november dette året går 80.000 menneske frå konsepta inne på Accor Stadium i Sydney når Gallagher-brørne Liam og Noel kjem gåande hand i hand ut på scena. Folk kaukar og klappar og kastar halvfulle plastglas med øl i alle retningar medan marihuanarøyk ovrar seg som lokale, lågthengande skyer over hovuda våre. Eg står berre nokre titals meter unna scenekanten. Det er nokså nøyaktig 30 år sidan eg såg Oasis sist – ein klassisk mannsalder. Eg syng med på refrenget til den fyrste songen dei spelar, nemleg «Hello» frå det andre albumet deira: It's good to be back.
Engelsk folkemusikk
Storskjermen bak bandet viser seg å syna filmatisk samtidskunst frå byrjing til slutt. Fotografikollasjar og psykedeliske fargekonstellasjonar om einannan tolkar kvar song på kreativt vis. Det er bergtakande. Sameleis med den biletskjønne vokalisten Liam Gallagher. Han gjev karisma eit andlet. Og meir enn før i tida er han no nykter og motivert som få. Røysta hans er oppsiktsvekkjande sterk og klår. Lydbiletet elles er samansett. Bassen kjenner eg mest i magen; gitarane liknar på ein lydvegg; trommeslagaren får på meisterleg vis songane til å høyrast annleis ut enn på plate – meir kraftfulle.
Oasis spelar dei same songane – i same rekkjefylgd – som dei har gjort i Wales, England, Skottland og så bortetter i sommar og i haust. Brorparten (med stor B) av dei er frå dei to fyrste platene bandet gav ut midt på 90-talet. Dette er: moderne engelsk folkemusikk. Og eit ekko av Cool Britannia-tida; åra då Storbritannia likna på ein populærkulturell geysir.
Den gong då
Å eg minnest so vel ... det landet, den perioden av livet. Eg hadde det som plomma i egget i London dei åra. Eg las How late it was, how late av James Kelman i 1994 og Trainspotting av Irvine Welsh året før. Jamsides Oasis høyrde eg særleg på Suede og brakdebuten deira i 1993. Kanskje var songen om fotballen på veg heim den mest minnerike? Sameleis med det eineståande målet til Paul Gascoigne i kampen mot Skottland under EM i 1996: Ei langpasning når Gazza, som lyftar ballen med venstrefoten sin over Colin Hendry. Gazza spring så rundt den rundlurte skotten før han på heil volley skyt ballen i mål med høgrefoten.
John Major var rett nok meir åskodar enn deltakar i denne samanhengen. I The Guardian vart han alltid teikna med skjorta nede i underbuksa. Det mest underlege var truleg at far hans var fødd i 1879, og voks såleis opp under dronning Victoria. Tom Major-Ball vart far til John då han var ein gamal mann, og jobba tidvis både som artist og akrobat, med musikk og på sirkus. Nesten like fabelaktige var statsministeråra til sonen – sju år fram til New Labour tok over i mai 1997. Storbritannias BNP var då 40 prosent høgare enn Kina sitt. Viktigare: Statsfinansane var i orden. I dag går derimot 10 prosent av statens utgifter med til å betala renter på statsgjeld. Og ser ein vekk ifrå London, er BNP per britisk innbyggjar lågare enn i Mississippi, den fattigaste delstaten i USA.
El Maestro
Meir samtid no: Oppe på scena byter Noel Gallagher gitar tallause gonger. Han verkar ekstremt konsentrert. Også denne kvelden er på sett og vis hans: Han har komponert alle låtane, forfatta alle tekstane, han har for alt eg veit endeleg også gjort Oasis til eit samkøyrt og ikkje minst profesjonelt, moderne orkester. Noel kler den Springsteen-aktige sjefrolla si. Samstundes er han truleg meir arbeidarklasse-autentisk enn den amerikanske The Boss. Det er vanskeleg å sjå føre seg sir Noel eller lord Gallagher of Manchester.
Det var elles i Stockholm – 20. november 1995, same dagen Beatles gav ut Free as a Bird – at eg opplevde Oasis fyrste gongen. Ved ein inkurie, som det kanskje høver å skriva, hamna eg på nachspiel med Gallagher-brørne den kvelden. Prikken under ropeteiknet var dei fem minutta vi tre sat i same sofaen og «samtala». Kva seier ein til engelske rockestjerner? Eg ytra i alle fall at dei hadde spelt og sunge songane mest heilt likt plateversjonane. – Kva f. hadde du forventa? responderte Noel som vel rett og rimeleg var. Båe brørne skreiv forresten namnetrekka sine på ein svensk pengesetel eg hadde for handa. Dei to pennestroka endra truleg kjøpekrafta til setelen; tida vil visa, som alltid.
I Sydney er det uansett den sjølvsame Noel som framfører songen «Little by Little» med eit noko annleis arrangement enn på plata Heathen Chemistry frå 2002. Både der og då og no i ettertid vert den songen ståande som eit uventa høgdepunkt. Noel har gråstenk i håret, og fysikken hans ber bod om gode, om enn noko late dagar. Han er ikkje noka utprega rockestjerne som bror sin heller. Men ein menneskekjennar av rang? For bokstaveleg tala smått om senn vert eg overvelda av den nemnde songen. Teksten er spørjande, kvasifilosofisk og tidvis tilbakeskodande. «Kringsett» av høglydt allsong vert eg ei kort stund råka av sentimentalitet sjølv. På 90-talet ofra eg ikkje framtida så mange tankar. No sjekkar eg av og til pensjonskapitalen min.
Sommar i november
Jubelbruset er øyredøyvande når Oasis kjem attende på scena for å spela og syngja dei obligatoriske superhitane sine heilt på tampen. «Wonderwall» har vorte strøymd 2,5 milliardar gonger på Spotify og gjer folk beintfram ekstatiske her med. Bandet set endeleg punktum med «Champagne Supernova» og eit fargesprakande fyrverkeri i det kvelden nærmar seg sommarnatt på den sørlege halvkula.
Eg både kom og fer i lag med ni andre kvinner og menn – frå England, Australia og New Zealand – og med den utvandra broren min. Kan henda er vi alle lett hypnotiserte. Det kunne ha vore verre – ikkje minst om vi hadde vore på eit politisk stormøte og då kome i same stemninga. Etter ei samla vurdering er det ein fordel om statsmenn liknar meir på John Major enn på Liam Gallagher. Sirenesongar bør fyrst og fremst framførast av rockeband. For ein kveld det var, det vart.